Site of Special Scientific Interest eller SSSI («stad av særskild vitskapleg interesse») er ein status eit verneområde kan ha i Storbritannia.
SSSI-området er grunnlaget for stadbasert naturvern etter britisk lov og dei fleste andre naturlege eller geologiske verneområde i Storbritannia er basert på desse, som nasjonale naturreservat, ramsarstader, Special Protection Area (særskild verneområde) og Special Areas of Conservation («særskild bevaringområde»).
SSSI-område kan vidare delast inn i biologiske SSSI og geologiske SSSI. Fleire SSSI-område er både biologiske og geologiske.
I Nord-Irland vert SSSI-stader kalla Area of Special Scientific Interest (ASSI).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Site of Special Scientific Interest, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.