Simon Ove Christian Oglivie Spies (1.
september">1. september 1921–16. april 1984) var ein dansk forretningsmann. Han stifta reisebyrået Spies Rejser og flyutleigeverksemda Conair, og er ofte vorte kalla «Danmarks reisekonge».
Simon Spies | |
Statsborgarskap | Danmark |
Fødd | 1. september 1921 Helsingør |
Død | |
Yrke | forretningsdrivande |
Ektefelle | Janni Kjær |
Spies vart fødd inn i ein fattig familie i Helsingør. Far hans, kunstmålaren Willam Spies, var psykisk ustabil og var fleire gonger innlagt i ein psykiatrisk klinikk. Mor hans heitte Emma Spies.
Simon Spies var strålande gåverik, og oppnådde å verta både cand.psych. og cand.polit ved Københavns Universitet.
Han melde seg i 1942 inn i Danmarks Nationalsocialistiske Arbejderparti, i det føremålet å kunna reisa til Austerrike som den gongen var del av Det stortyske riket og ta seg arbeid der. Han var aldri politisk aktiv i partiet.
I 1956 starta han firmaet Spies Rejser som med tida voks og enda med å verta ein av dei største turoperatøran i Skandinavia med charterreiser og pakketurar. I 1965 kjøpte Spies opp det konkursramma danske charterselskapet Flying Enterprise som var vorte starta i 1959. Dette vart byrjinga på hans eige charterselskap Conair.
Spies er i dag Danmarks største charterturoperatør og ein del av konsernet Thomas Cook Group, no TUI.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Simon Spies, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.