Sigurd Rushfeldt: Norsk fotballspelar

Sigurd Rushfeldt (fødd 11.

desember 1972) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Vadsø. Med 172 nettkjenningar i norsk eliteserie er han den spelaren som skåra flest mål i toppdivisjonen i Noreg. Han har vorte noregsmeister med Tromsø IL, seriemeister med Rosenborg Ballklub og vunne både serie- og cuptriumfar med Austria Wien. Rusheldt spelte 38 landskampar i tida 1994-2007.

Sigurd Rushfeldt

Sigurd Rushfeldt: Klubbspel, Landslagsspel, Merittar

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. desember 1972 (51 år)
Vadsø kommune
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1994

Utmerkingar

Finnmark fylkes kulturpris, Kniksenprisen for årets angrepsspiller, Kniksens hederspris, Årets tromsøværing

Klubbspel

Rushfeldt var Tromsø-spelar i åra 1992-96. I 1996 vart han cupmeister med Tromsø IL, han skåra sigersmålet i sluttsekundane. Frå 1997 til hausten 1999 spelte han for Rosenborg Ballklub og vart toppskårar i eliteserien både 1997 og 1998. Eit par sesongar, 1999-2001, spelte Rushfeldt i spanske Racing Santander. Vårsesongen 2001 hadde han eit mellomspel i Rosenborg, før han om sommaren vart overført til Austria Wien. Dei neste fem seongane hadde han stor suksess med den austerrikske klubben, Austria Wien vart nasjonal seriemeister i 2003 og 2006 og cupvinnar i 2003, 2005 og 2006. Sesongen 2004/05 vart han vald til året spelar i den austerrikske toppserien. Sommaren 2006 vart Rushfeldt Tromsø-spelar på ny, no for ein periode på fem-og-eit-halvt år. Midtvegs i sin siste eltesesong, 2011-sesongen, tok han rekorden som den mestskårande i norsk seriefotball på toppnivå. I alt skåra Rushfeldt 99 seriemål for Tromsø og 73 for Rosenborg.

Landslagsspel

Rushfeldt spelte 38 landskampar frå debuten i 1994, til han avslutta landslagstida i 2007. Ettersom han tevla om spissplass med karar som Ole Gunnar Solskjær og Tore Andre Flo, måtte han slite landslagsbenken i dei fleste av dei 13 åra han var landslagsaktuell. Rushfeldt skåra 7 landslagsmål.

Merittar

  • Cupmeister: 1996 med Tromsø IL
  • Seriemeister: 1997, 1998, 1999 og 2001 med Rosenborg
  • Austerriksk cupmeister: 2003, 2005 og 2006 med Austria Wien
  • Austerriksk seriemeister: 2003 og 2006 med Austria Wien

Ymse

Sigurd Rushfeldt og Morten Gamst Pedersen vart tildelt Finnmark fylkeskommune sin kulturpris for 2006. Rushfeldt er fetter til Lars Bohinen og svoger til fotballtrenaren Ronny Deila.

Kjelder

fotball.no

Tags:

Sigurd Rushfeldt KlubbspelSigurd Rushfeldt LandslagsspelSigurd Rushfeldt MerittarSigurd Rushfeldt YmseSigurd Rushfeldt KjelderSigurd Rushfeldt11. desember1972Austria WienRosenborg BallklubTromsø ILVadsø

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Sola kommuneÖlandGonzález IslandKrøllalfaSlovenskTetraFiskereiskaparAmasoneMånekakeEmma EllingsenBøkDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenCoComFagorganisasjonAlbaEnrico CarusoHTMLTerje FormoeAndefamilienNaturismeNellee Hooper1641Ivar Lo-JohanssonFriggNasjonaldrikkHollandParadise and LunchMarit MyrmælAngela WinbushTidvatnTwitterØystein AdilssonRumpetrollMiddelhavetEkvatorNorske kommuneblomarKristopher SchauNazismeKjerringa med stavenGranadaErnst JosephsonKongsberg GruppenSystem of a DownAli Baba og dei førti røvaraneSionistOrskurdBiologisk familieMax CarlMøteplassSpesifikk varmekapasitetISO 8601AmursvaleItaliensk salatThe Concert in Central ParkAndEurekaTaekwondoEuropaCelsiusRonja RøverdatterSilje NordnesHenning Solberg187 LambertaSvartebokaBone Against SteelKomponisten John BullMahatma GandhiBrasilIngvild KjerkolNikita KhrusjtsjovFiskandChampions LeagueÅAlpin tundraNarvik lufthamn, FramnesBærum Sportsklubb🡆 More