Sibirhøgtrykket

Sibirhøgtrykket er ein massiv og ofte svært kald og tørr luftmasse som oppstår over Eurasia store delar av året.

Høgtrykket er kraftigast om vinteren når lufttemperaturen nær senteret av høgtrykket er lågare enn −40 °C. Trykket i havnivå er ofte høgare enn 1040 hPa. Sibirhøgtrykket er det kraftigaste høgtrykket på den nordlege halvkula og har blant anna ført til den lågaste temperaturen som er målt på den nordlege halvkula med −67,8 °C den 15. januar 1885 i Verkhojansk. Det høgaste lufttrykket som er målt på Jorda vart også målt i dette høgtrykket. Det er på 1083,8 hPa målt i Agata 31. desember 1968.

Sibirhøgtrykket
Sibirhøgtrykket demonstrert av eit kart som visr gjennomsnittleg trykk ved havnivå i løpet av vintermånadane. Over Sør-Sibir ligg eit høgtrykk.

Sibirhøgtrykket påverkar vêrmønsteret på høgare breidder av den nordlege halvkula, og kan blokkere eller svekke lågtrykk eller syklonar, og føre til tørt vêr over store delar av Eurasia og Canada.

Tags:

AntisyklonEurasiaLuftmassePascalTemperaturVerkhojansk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Eyvind JohnsonAnne HoltVM i alpine greiner 2019EnkeltbekkasinEdderkoppar i kulturenSymbolLundefuglOddvar BråNord-EuropaNyttårLeksandFikenslektaKonsentrasjonsleirPaparoa nasjonalparkFeberAntiqueCanadaThorleif HaugPer SpelmannPeter GabrielPedro I av BrasilTerje StrømdahlOslo kommuneÍpirosLonely and BlueI Dovregubbens hallØlenTrykkArne Kjell LarsenInger Lise GjørvTatjana TomasjovaHydrogenColombiaAndreas RombergHydrogencyanidJonsokGezer regionale kommuneAbrogeraAluminiumNihilismeHochalmspitzeHarry PotterØEddadiktPetter EideNynorsk WikipediaSunnmøreSennesvikBetzy Akersloot-BergJolene av Dolly PartonPandaClaudio LangesElektrostatisk generatorBoge i arkitekturenKvam heradBjørkefinkMicky MoodyWikimediaThomas JeffersonKarriTrøndelag fylkeVinSakharovprisenNynorskBergenReligionskrigToy Story 2VangsgutaneGaltvortOlga DanilovaBieRussisk litteratur🡆 More