Strand

Ei strand er ei stripe land som heller ned mot sjøen eller eit stort vatn.

Strender er ein eigen type geografisk område med sitt eige biologiske system. Strendene me tenker på som typiske har sand som hovuddel, med spreidde vekstar, steinar, skjel og andre ting frå havet som moglege variasjonar, men det finst også strender som er dekte av småstein eller rullestein.

Strand
Sandstrand i Florida Keys.
Strand
Steinstrand i Cornwall.

Stranddanning

Strender vert til ved at materiale frå land og hav vert slite ned og samla saman ved langs vasskanten. Strandmaterialet vert laga ved erosjon på land og ved at havet tærer på fjell i og ved vatnet. Sidan flyttar bølgjer og vind rundt på materialet slik at stranda stadig forandrar seg.

Ei strandforskyvingskurve er eit diagram som viser havnivået til ulike tider.

Bruk

Strand 
Bølgjebading på Jagodnastranda på den kroatiske øya Hvar.

Det er vanleg å dra til strender om sommaren for å bada, sola seg eller ganske enkelt kjøla seg ned. Ein kan òg gå lange turar langs strender både sommar og vinter. Medan norske strender som regerl er ganske enkle og urørde, kan populære strender i andre land vera svært utbygde. Det er vanleg å setja opp bodar som sel mat og drikke, strandstolar som vert leigde ut og strandhytter til å kle seg om i. Nokre stader set ein opp tivoli på stranda, medan andre strender vert sperra av for almogen medan berre dei som eig han eller gjestar ved eit særskilt strandhotell har tilgang.

Ordsoge

Strand er brukt som del i mange namnesamansetjingar, som Åsgårstrand og Balestrand. Det har gitt namn til to norske kommunar, Strand i Rogaland og StrandaSunnmøre. Strand er òg eit etternamn.

Kjende strender

Nokre strender kan ligga aude og ukjende av dei fleste, medan andre har meir vidkjende namn. Copacabana og Ipanema i Rio de Janeiro er kjende langt utanfor Brasil, medan Bondi Beach er blitt eit symbol på Australia.

I Noreg er jærstrendene kjende for å ha inspirert kunst og som eit særeige landskap både geologisk og biologisk.

Bakgrunnsstoff

Strand  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Strand

Tags:

Strand danningStrand BrukStrand OrdsogeStrand Kjende strenderStrand BakgrunnsstoffStrandBiologiGeografiHavInnsjøSandSkjel

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Sørøya i FinnmarkBrenselcelleHjortNamnedagar i NoregVM i friidrett 2022Louis PasteurReligiøse nasjonalsymbolVätternNord-KoreaAndrej KrautsjankaDen europeiske unionenVerkstadDiktRimMolde kommuneTangentTsjekkoslovakiaØrsta kommuneAndreas BlochEinatSymbolCommunist Party of Great BritainKabaPesahOlga DanilovaLuftfartøyHolbækSauTettemjølkFinding NemoOlivettiStar WarsHillary ClintonVictoria av StorbritanniaCelina MidelfartSerious Hits… Live!Samisk kulturByar i HellasSosialismeEngland og WalesArian EngebøOuverture i fransk stilElizabeth II av StorbritanniaBrusselAnita O'DaySunndalsøra2006IsAlpin tundraHadjListe over primtal11. februarAlfred MaurstadPedro I av BrasilVladimir PutinArtemisDet tredje riketFrozenJohan BojerRafaelMidsommarTrepunktsopphengPeter ŠťastnýOdd NerdrumNyttårOperativsystemLilletveitKvenerErik AndersenPogóniNordsamiskMargrethe II av DanmarkOksygenFuglar🡆 More