Samhain, eldre irsk gælisk samain, skotsk gælisk samhuinn, mansk sauin, er ei tradisjonell keltisk høgtid som markerer slutten på sommaren.
Ordet tyder nettopp det, sam er sommar, fuin slutt. Dagen er typisk blitt markert den 1. november og var den viktigaste merkedagen i det eldre Irland.
Dette var ein dag då ein meinte gudeverda blei synleg for menneska. Dei kunne finna på å gjera overnaturlege peik, og markeringa av dagen gjekk ofte ut på å utføra ritual for å stagga gudane. Ikkje berre gudane, men også dei daude kunne nå fram til menneska denne dagen. Frå den eldste tida finst det kjelder som fortel om menneskeofring. Mange av skikkane rundt samhain er vidareførte til halloween. Den gamle høgtida er også gjenoppliva i nyheidenske religionar som wicca.
Dei P-keltiske språka har den same fest-dagen, men andre namn. På walisisk er han Calan Gaeaf (første vinterdag) eller Hollantide, på bretonsk Kala Goañv (byrjinga på november).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Samhain, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.