Salinitet eller saltinnhald er kor mykje salt som er løyst opp i ei viss mengd vatn.
Salinitet i forskjellige typar vatn | |||
---|---|---|---|
Ferskvatn | Brakkvatn | Saltvatn | Saltlake |
< 0,05 % | 0,05 - 3 % | 3 - 5 % | > 5 % |
Saltinnhaldet i dei fleste naturlege innsjøar, elver og bekkar er så lite at desse vassmengdene vert kalla ferskvatn. Den faktiske mengda av salt i ferskvatn er per definisjon mindre enn 0,05 %. Er det høgare vert vatnet kalla brakkvatn, som vert definert som vatn med salinitet på 0,05 til 3 %, medan saltinnhald mellom 3 og 5 % vert kalla saltvatn. Alt over 5 % er rekna som saltlake. Dei fleste havområda har ein salinitet på om lag 3,5 % salt. Enkelte salte innsjøar og enkelte havområde er derimot saltare. Daudehavet har til dømes eit saltinnhald i overflata på om lag 15 %.
Det tekniske uttrykket for saltinnhaldet i havet er halinitet, sidan haloidsalt (og særleg klorid) er det anionet det finst mest av i den oppløyste blandinga. Innan oseanografi plar ein å uttrykke halinitet og salinitet som promille og ikkje prosent, og ein får då tilnærma talet på gram av salt per liter vatn. Før 1978 vart salinitet eller halinitet uttrykt som prosent basert på forholdet mellom den elektriske konduktiviteten til ein vassprøve og «Københavnvatn», eit kunstig sjøvatn som fungerte som ein «standard». I 1978 omdefinerte oseanografar salinitet som Practical Salinity Units (psu), som er konduktivitetsforholdet mellom sjøvatn og ein standar KCl blanding. Forholdet har ikkje noko eining, så det er ikkje slik at 35 psu er lik 35 gram salt per liter vatn.
Denne tilsynelatande tungvinte metoden på å måle saltinnhaldet på kan virke upraktisk, men ein må huske på at salinitet er summen av vekta til mange forskjellige stoff i eit visst volum vatn. Dette gjer blant anna at ein kan finne ut kor mykje ein har av kvart enkelt stoff i løysinga, og ikkje berre vekta av alle dei faste stoffa som vil ligge att når vatnet fordampar (som er ein annan metode å måle saliniteten på).
THALASSISK SERIE | |
>300‰ | -------------------- |
hyperhalint | |
60 - 80‰ | -------------------- |
metahalint | |
40‰ | -------------------- |
mixoeuhalint | |
30‰ | -------------------- |
polyhalint | |
18‰ | -------------------- |
mesohalint | |
5‰ | -------------------- |
oligohalint | |
0.5‰ | -------------------- |
Marint vatn er det som er i hava, som òg vert kalla euhaline sjøar. Saliniteten til euhaline sjøar er 30 til 35 ‰. Brakksjøar eller -vatn har salinitet i området 0,5 til 29 ‰, og metahaline sjøar fra 36 til 40 ‰. Desse sjøane vert rekna som thallasiske fordi saliniteten kjem frå havet og er definert som homoiohalin viss saliniteten ikkje varierer mykje over tid (praktisk talt konstant). Tabellen til høgre, modifisert frå Por (1972), følgjer «Veneziasystemet» (1959).
Som ein kontrast til homoiohaline miljø, finst visse poikilohaline miljø (som òg kan vere thallassiske), der salinitetsvariasjonen er biologisk viktig (Dahl, 1956). Poikilohaline vatn kan ha alt frå 0,5 ‰ til meir enn 300 ‰. Det viktige særtrekket er at desse vatna har ein tendens til å variere i salinitet over eit biologisk meiningsfult område over årstidene, eller ein annan grovt samanliknande tidsskala. For å sei det enkelt er dette vassmengder med ganske variabel salinitet.
Veldig salt vatn, som er på grensa til at saltet krystalliserer seg ut, vert kalla saltlake.
Salinitet er ein økologisk viktig faktor, og påverkar mange forskjellige organismar som lev i vatn. Salinitet påverkar òg planter som veks enten i vatn eller på land der dei får vatn ved hjelp av regn eller frå grunnvatnet. Planter som kan leve av saltvatn vert kalla saltplanter. Organismar (stort sett bakteriar) som kan leve i svært salte forhold vert kalla halofilar, medan organismar som kan tole forskjellige salinitetar vert kalla euryhaline.
Salt er vanskeleg å fjerne frå vatnet, og saltinnhaldet spelar ei viktig rolle i kva ein brukar vatnet til (slik som drikkevatn)
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Salinitet, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.