Sagbruk

Sagbruk er ei nemning på eit bruk der tømmer vert skore opp til skurlast.

Sagbruk
Gamaldags sagbruk i Arizona

Historie

Før sagbruka si tid vart plankar og bord hogde ut av tømmerstokken med ei øks. Sidan vart tømmeret lagt opp på eit stillas, og dei skar ut plankar med ei kransag, ei stor tomannssag dregen med handkraft. Ved arbeidet stod ein mann over stokken og ein mann under. Innretninga vert kalla «sagstilling» eller «sagmare».

Vasshjul

På slutten av 1400-talet kom dei første vassagene. Ved hjelp av eit vasshjul henta dei energi frå elver og bekkar til å drive ei oppgangssag.

Tømmerfløyting

Etter kvart som skogen rundt sagbruka vart uthogd, måtte dei hente tømmer frå eit større omland. Tømmeret vart fløytt fram til sagbruket i elvar og store bekkar, tømmerfløyting. På 1960-talet tok lastebilen over det meste av tømmertransporten.

Privilegietida

Frå 1688 fekk 788 sagbruk sønnafjells einerett på eksport av trelast. Sager med slikt sagbruksprivilegium vart tildelt eit årskvantum mellom 1000 og 20 000 bord. Ordninga var ikkje til hinder for at lokale bygdesager kunne skjere material til lokal bruk. I 1814 var det 1100 priviligerte sagbruk i Noreg. I 1860 vart ordninga med sagbruksprivilegier oppheva.

Dampmaskinar

Frå midten av 1800-talet vart dampmaskinen brukt som energikjelde i mange sagbruk. Det vart då mogeleg å flytte sagbruka frå fossefalla. Sagbruk kunne byggjast ute i skogen, nærare tømmerressursen, gjerne drivne av ein lokomobil. Viktigare var det at dei kunne byggje store sagbruk ved utskipingshamner for trelast.

Sager

I 1780 vart sirkelsaga oppfunnen, i 1843 vart bandsaga oppfunnen. Sidan fekk dei rammesager med fleire blad i ei sagramme, slik at fleire bord vart skorne ut av tømmerstokken samstundes. Vedlikehald av sagblad vart eit nytt fagfelt som kravde eigne fagarbeidarar.

Rasjonalisering

Når lastebilane overtok meir av tømmertransporten, vart sagbruka uavhengig av fløytingsvassdraga, og dei kunne hente tømmer frå større område. Sagbruka voks, småsagbruk vart oppkjøpt og nokre få aktører overtok kontrollen i trelastmarknaden.

Moderne sagbruk

Sagbruksindustri

Moderne sagbruk er store og arealkrevjande industrianlegg. Sagbruket bruker gjerne elektrisitet til å drive saga. Sagbruka brenn bark og sagflis for å få energi til å tørke trelasta. Dei bruker datamaskinar til å optimalisere skuren, slik at dei nyttar tømmeret best mogleg ut frå kva slags skurlast dei ønskjer å produsere.

Småsagbruk

Sentraliseringa i sagbruksindustrien har opna ei nisje for små gardssagbruk. Desse brukar velprøvd teknologi, oftast med ei sirkelsag. Energikjelda kan vere ein elektrisk motor eller ein kan nytta kraftuttaket på ein traktor. Sagbruka er ofte bygde for å skjere tømmer frå eigen skog til eigen bruk og for sal i den lokale marknaden.

Minisagbruk

Dei siste åra er det også seld ein del minisagbruk, enkle stålrammer som styrer ei motorsag som skjer ut plankar og bord frå tømmerstokken. Desse sagbruka kan skogeigaren bruke til å skjere trelast til eigen bruk.

Bakgrunnsstoff

Sagbruk  Commons har multimedium som gjeld: Sagbruk

Tags:

Sagbruk HistorieSagbruk Moderne sagbrukSagbruk BakgrunnsstoffSagbrukBrukSkurlastTømmer

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LønnEpídavrosPokljukaIngrid Gjessing LinhaveIndonesiaØresundbruaVevelstad kommuneYoichiro NambuAnne Lise GjøstølEinar TambarskjelveGoogleHundre års ensomhetMartha SkrettebergHyseLukkeTatraNobelprisen i litteraturMaskorama (sesong 4)Donald SutherlandSnømyrkreKrysantemumAnnita á FríðriksmørkXenofobiPåskehareChristian Rynning-TønnesenIsbreDen sørlege regionen i EtiopiaErik AndersenYOrientråkeTidlegare kommunevåpen i NoregSomaliaInnsjøar i Sverige1976DanderydGolden GlobeRichterskalaenKarbonCascadaDen sahrawiske arabiske demokratiske republikkenJulius CæsarLinn UllmannGrunnstoffliste etter atomnummerJordaGulsvikAtropinT-banen i OsloBoris JohnsonSoknerådTredje påskedagVince GillIngunn YssenOppdalFin GnattNetflixLill LindforsArne Alsåker SpildeDet greske alfabetetVärmlandskAsker kommuneVindElvis PresleyTorpoRussell CroweElvdalsk2023Shagnasty IslandHiroki ArataniMancaveAli Baba og dei førti røvaraneBirger Eriksen🡆 More