Super Audio Compact Disc eller SACD er ein optisk disk for lagring av lyd.
Han vart utvikla av Sony og Phillips og kom på marknaden i 1999, meint som ein etterfølgjar til CD-formatet. Med SACD-formatet kan ein ha fleire lydkanalar (til dømes kringlyd) og lenger speletid enn på ein CD. Forskarar hevdar derimot at lydkvaliteten på ein SACD ikkje er spesielt forskjellig frå ein vanleg CD.
SACD hadde liten innverknad på marknaden då han kom og i 2007 vart han av pressa rekna som eit mislukka forsøk. I 2010-åra er det framleis ein liten marknad for SACD.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Super Audio CD, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.