S-Type-Asteroide

S-typeasteroidar har ein silikatrik («steinete») samansetnad, difor S-en i namnet.

Omtrent 17 % av asteroidane er av denne sorten, som er den nest mest vanlege asteroidesorten; berre C-typen er meir vanleg.

Karakteristikkar

S-typen er moderat lyse med ein albedo på 0,10 til 0,22 og består hovudsakleg av jern- og magnesiumsilikat. S-typen dominerer i det indre hovudbeltet innanfor 2,2 AE og er vanlege i sentralbeltet innanfor 3 AE, men er sjeldne lengre ut. Den største er 15 Eunomia (omtrent 300 km på tvers i lengste dimensjon). Rangert etter diameter kjem 3 Juno, 29 Amphitrite, 532 Herculina og 7 Iris. Desse større S-type-asteroidane er synlege i 10x50 kikkertar ved dei fleste opposisjonar; den ljosaste, 7 Iris, kan til tider bli ljosare enn 7,0 magnitude, som er ljosare enn nokon asteroide unnateke den uvanleg ljose 4 Vesta

Spektruma til S-typane har ein moderat spektralhelling ved bølgjelengder kortare enn 0,7 µm, og har trekk med moderat til svak absorpsjon omkring 1 µm og 2 µm. Absorberinga ved 1 µm indikerer silikat. Ofte er det eit breitt men grunt absorpsjonstrekk rundt 0,63 µm. Samansetninga til desse asteroidane er ofte lik den som steinete meteorittar har, som også har like spektrumleigenskapar.

S-gruppeasteroidar

Sjå òg asteroidespektraltypar

SMASS-klassifisering

I SMASS-klassifiseringa, er mange generelt ”steinete” typar av asteroidar er samla I ei breiare S-gruppe, som har dei følgjande typane:

  • A-type
  • K-type
  • L-type
  • Q-type
  • R-type
  • ei S-kjernetype for asteroidar som har dei mest ”typiske” spektrum for S-gruppa.
  • Sa, Sk, SI, Sq og Sr-typane som inneheld krysningar mellom S-kjernetypen og, respektivt, A, K, L, Q, og R-typane.

S-gruppa er spektrumlsk ganske så forskjellig I frå den karbonrike C-gruppa og den for det meste metalliske X-gruppa.

Tholen-klassifisering

I Tholen-klassifiseringa er ”S-type” ein veldig brei gruppering som inkluderer alle typane is S-gruppa unnateke A-type, Q-type og R-type, som har spesielt ”steinete” absorpsjonstrekk rundt 1 µm.

Kjelder

Referansar

  • S. J. Bus og R. P. Binzel Phase II of the Small Main-belt Asteroid Spectroscopy Survey: A feature-based taxonomy, Icarus, Vol. 158, pp. 146 (2002).

Tags:

S-Type-Asteroide KarakteristikkarS-Type-Asteroide S-gruppeasteroidarS-Type-Asteroide KjelderS-Type-Asteroide ReferansarS-Type-AsteroideAsteroideC-type-asteroide

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AC/DCMåltidUrfolkOksidasjonAstrid LindgrenEEtasjeLinerleChampions LeagueKvalsundskipetPico da NeblinaOverflatisk veneSør-KoreaUbehaget i kulturenManchester CityYL-gruppeHarry PotterKjell Kristian RikeMatriarkSusanne SundførBautaGoogle MapsNasjonaldrikkAfrikaKelly ClarksonSjøløverAlexander KiellandKøbenhavnJHVHKvargFreddie MercuryMyrullVinkelSkognElon MuskRegnskogen i AmazonasWiki CommonsDen siste istidaISO 8601SkulderbladJantelovenAlf-Inge HålandNorskÞingvellirJesusGåsMartin ØdegaardAlver kommunePolygamiStareNorheimsundRomanian born french cryptologistKristian ØdegårdAftonbladetPetter ThoresenPeer Gynt-prisenFleetwood MacTyskAserbajdsjanWikipediaSyriaSevernaja ZemljaGranPaparoa nasjonalparkBrigitte BardotDavid CameronJordaParlamentarismeEvnukkFascismeNew York bySvart kattArab al-AramsheMarius Urzică🡆 More