Sørsamisk: Samisk språk

Sørsamisk er eit finsk-ugrisk språk i den uralske språkfamilien.

Det blir snakka av i overkant av 500 talarar, i Østerdalen, på Nordmøre, i Trøndelag og i Nordland i Noreg så vel som i Västerbotten, Jämtland og Dalarna i Sverige. I Noreg har språket òg hatt ei viss utbreiing kring Dovre. Med så få som brukar det, vert det av UNESCO rekna som eit sterkt truga språk.

Sørsamisk
åarjelsaemie
Klassifisering Uralsk
 samisk
Bruk
Tala i Noreg, Sverige
Område Hedmark, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Nordland, Dalarna, Härjedalen, Jämtland, Västerbotten
Sørsamisktalande i alt 500
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Noreg: Snåsa kommune, Røyrvik kommune, Hattfjelldal kommune, Røros kommune
Normert av Samisk språkråd
Språkkodar
ISO 639-2 sma
ISO 639-3 sma
Glottolog sout2674
Sørsamisk: Alfabet, Grammatikk, Språkhistorie
Sørsamisk er nummer 1 på dette kartet

På grunn av den over hundre år lange perioden med aktiv fornorskingspolitikk (ca. 1850–1960) gjekk sørsamisk ut av bruk som daglegspråk i store delar av den sørsamiske befolkninga. Dei siste tiåra har det ikkje dess mindre vorte arbeidd med å styrkje språket att. I 2008 vart sørsamisk offisielt språk i Snåsa kommune i Nord-Trøndelag, og Røyrvik kommune, i same fylke, fylgde etter i 2013. Frå og med 1. juli 2017 var også Hattfjelldal kommune, og dermed Nordland fylkeskommune, med i det samiske forvaltningsområdet for sørsamisk. Den førebels siste, og sørsamiske, kommunen som kom med i forvaltingsområdet er Røros kommune med verknad frå 1. juli 2018 - ti år etter at Snåsa kom med. Dette medverkar til at sørsamisk i dag står sterkare enn på lenge.

Sørsamisk er ikkje mykje brukt i det offentlege rom, men NRK Sápmi har jamleg sendingar på sørsamisk, både på radio og TV.

Sørsamisk vart skriftfesta i 1974 med Bergsland-Bull-rettskrivinga, laga av Knut Bergsland og Ella Holm Bull, og har sidan da vorte brukt i bøker (skulebøker, barnebøker, Bibelen), aviser (Snåsningen, Daerpies Dierie), i salmar, på Internett og i offentlege dokument i Snåsa kommune. Det er utvikla digitale språklæringsverktøy for sørsamisk, Oahpa!, og sørsamisk retteprogram for bruk i Microsoft Word, Divvun.

Alfabet

Sørsamisk: Alfabet, Grammatikk, Språkhistorie 
Sørsamisk og norsk på vindauga til Snåasen gærjagåetie (Snåsa bibliotek).
Foto: Olve Utne

Sørsamisk blir skrive med bokstavane i det norske og svenske alfabetet, slik at æ, ø blir brukt på norsk side og ä, ö på svensk side. I tillegg brukar ein ï, ein lågare, meir bakre i i tillegg til i, men i skrive sørsamisk er det ein tendens til å skrive i for ï. Grovt sett kan ein seie at dei sørsamiske uttalereglane byggjer på uttalereglane til norsk og svensk.

Grammatikk

Fonologi (lydlære)

Sørsamisk har eit rikt vokalsystem med 8 korte vokalar (i, e, æ, a, y, u, o, å) og 13 lange vokalar eller diftongar (ie, ee, ae, ea, aa, ue, øø, åe, yø, oe, åå, ua, åa). Det korte vokalsystemet har dei same vokalane som norsk, bortsett frå at kort /ø/ manglar. Systemet av lange vokalar skil seg frå norsk, framforalt ved at det har fallande diftongar (ie, ea, yø, ua, åa), diftongar der den første delen blir uttalt høgare (med munnen meir lukka) enn andre delen.

Sørsamisk skil seg frå dei andre samiske språka ved at dei ikkje har stadieveksling. Derimot har sørsamisk omlyd, dvs. rotvokalen varierer etter vokalen i bøyingssuffikset. T.d. er det omlyd føre komitativendinga -ine, slik at gåetie «hus» heiter gøøtine i komitativ. Sørsamisk har 7 ulike omlydsrekkjer med 6 ulike kontekstar.

Morfologi (bøyingslære)

Sørsamiske substantiv har 8 kasus, 3 grammatiske, 3 lokale og 2 andre adverbiale. Substantivmorfologien er relativt konservativ, t.d. skil sørsamisk mellom akkusativ -m og genitiv -n, ein skilnad som er forsvunne både i nordsamisk (der begge desse kasusa manglar ending) og i finsk, der suffiksa for akkusativ og genitiv har falle saman til -n. Derimot finn vi dei same suffiksa i den andre enden av den uralske språkfamilien akkusativ -m og genitiv -n i mari, og akkusativ -m og genitiv i nenetsisk.

I verbbøyinga finn vi 3 personar, 3 tal (singularis, dualis, pluralis). Negasjonen er eit verb, til skilnad frå nordsamisk blir negasjonen bøygd ikkje berre i person men også i tid.

Syntaks (setningslære)

Sørsamisk er, til skilnad frå dei andre samiske språka, eit SOV-språk. Hjelpeverb står framfor objektet, så ordstillinga er snarare SHOV (med H for hjelpeverb). Som dei andre samiske språka har sørsamisk postposisjonar heller enn preposisjonar, og adjektiv står framfor substantiva dei modifiserer. Med unntak av hjelpeverb, subjunksjonar og preposisjonar er sørsamisk eit språk der kjernen i dei syntaktiske frasene (den delen som avgjer kva slags frase det er) kjem til slutt i frasa.

Sørsamisk kan utelate subjektet frå finitte setningar, det er eit såkalla pro-drop-språk.

Eit drag som skil sørsamisk frå dei andre samiske språka er at det i presens er mogleg å sløyfe hjelpeverbet «er» i setningar med subjektspredikativ (setningar av typen Per er lærar).

Språkhistorie

Ytre språkhistorie

Dei eldste tekstane på samisk, frå svensk side, er frå sørsamisk, eller snarare på umesamisk, frå 1660-åra. Sørsamane var også tidleg ute med organisatorisk arbeid, allereie i 1906. Sørsamisk språkforsking tok til i 1880-åra med ungararen Ignác Halász, som publiserte tekstar og ein grammatikk. Særleg viktig har Knut Bergsland sitt arbeid med sørsamisk vore, hans Røroslappisk grammatikk frå 1946, Sydsamisk grammatikk (1981) og ordboka Åarjelsaemien-daaroen baakoegaerja (1993, saman med Lajla Mattson Magga er dei sentrale verka for sørsamisk, i lag med Hasselbrinks Südsamisches Wörterbuch I–III. Det sørsamiske skriftspråket er frå 1974, i den såkalla Bergsland-Bull-rettskrivinga, etter Bergsland og Ella Holm Bull.

Indre språkhistorie

Sørsamisk: Alfabet, Grammatikk, Språkhistorie 
Den sørsamiske slektskoppen, laga av Inger Marie Oskal, med slektskapstermar på sørsamisk

Som så ofte er med språk i utkanten av ei nærskyld språkgruppe, er sørsamisk meir konservative enn dei andre samiske språka. Stadieveksling, ein samisk innovasjon, har ikkje strekt seg heilt til sørsamisk, derimot er omlyd ein levande prosess.

Om sørsamisk har vore i utkanten av den samiske og uralske språkutviklinga, har språket gjennom hundreåra hatt meir kontakt med germanske språk enn dei andre samiske språka. Det er såleis svært mange skandinaviske lånord i sørsamisk. Eitt døme på det er eit eldre sørsamisk namn på Namsen, nemleg Lakə̑s(ə̑). Mikko Korhonen ser dette som eit lån frå urgermansk *laguz, forma tilsvarar gamalnorsk lǫgr og moderne lågen. Forma på lånet viser at ordet er lånt inn frå nordbermansk før synkopetida, dvs. før ca. år 700.

Revitalisering

På grunn av fornorskingspolitikken er det i dag mange sørsamar som ikkje har sørsamisk som morsmål. Dei siste tiåra er det lagt ned mykje arbeid for å revitalisere sørsamisk på ulike arenaer. For dei yngste vart det hausten 2003 oppretta ein sørsamisk heiltidsbarnehage på Snåsa, Åarjel-saemiej maanagierte.

Det har sidan hausten 1968 vore tilbod om sørsamisk opplæring i grunnskulen, først og fremst ved Åarjel-saemiej skuvle/Sameskolen i Snåsa og Gaske-Nøørjen Saemienskovle/Sameskolen for Midt-Norge i Hattfjelldal, men seinare òg ved mange kommunale grunnskular i det sørsamiske busettingsområdet. Talet på elevar som har fått opplæring i sørsamisk, har auka jamt og trutt, og særskilt har talet på elevar med sørsamisk som førstespråk auka.

For vaksne blir det undervist i sørsamisk på fleire språksenter (t.d. Aajege på Røros og Gielem Nastedh på Snåsa), i tillegg til på Høgskolen i Nord-Trøndelag og ved universiteta i Tromsø, Umeå og Uppsala.

1. januar 2008 vart Snåsa kommune, som første sørsamiske kommune, innlemma i samisk språkforvaltingsområde, og vart dermed tospråkleg. 1. januar 2013 vart Røyrvik kommune innlemma i språkforvaltingsområdet, som den andre kommunen i sørsamisk område. I 2012 vedtok Hattfjelldal kommune i Nordland at det skulle setjast i gang eit forprosjekt med tanke på å få kommunen med i det samiske språkforvaltingsområdet.

Mange som sjølve ikkje har fått morsmålskompetanse i sørsamisk gjennom oppveksten, men som har hatt opplæring i skulen, prøver i vaksen alder å ta språket tilbake ved å lære seg å snakke det flytande, og ved å innføre det som heimespråk og å snakke det med ungane sine.

Rapporten Samisk språkundersøkelse 2012, utført av Nordlandsforskning/Norut Alta på oppdrag frå Sametinget stadfestar at bruken av sørsamisk språk har fått ein liten oppsving dei siste tiåra – det munnlege språket er meir prega av skriftspråket no, men det er fleire unge som brukar språket enn for 20–30 år sidan.

Sørsamisk skriftspråk blir òg brukt i fleire samanhengar. Etter at Snåsa kommune kom med i samisk språkforvaltingsområde, har avisa Snåsningen med jamne mellomrom hatt ei side på sørsamisk. I desember 2010 lanserte Divvun eit ordretteprogram for sørsamisk. Det Norske Bibelselskap har publisert utdrag på sørsamisk frå dei fleste bøkene i både det gamle og det nye testamentet på sidene sine.

Viktige personar

Sørsamisk: Alfabet, Grammatikk, Språkhistorie 
Sørsamen Jarle Jonassen har i mange år vore vald inn i Sametinget og har arbeidd der for å styrke språket.

Mellom dei som har markert seg i arbeidet med å styrke sørsamisk, kan ein nemne:

  • Ella Holm Bull - Forfattar, ordbokskrivar og mangeårig rektor ved Åarjel-saemien skuvle.
  • Knut Bergsland - språkvitskapsmann
  • Anna Jacobsen - Lærar ved Gaske-Nøørjen Saemienskovle, Hattfjelldal
  • Anna Jåma Granefjell - laga dei første sørsamiske radiosendingane 1973-1980
  • Sigbritt "Pia" Persson - laga sørsamiske sendingar i NRK radio 1993-2002
  • Lajla Mattson Magga - ordbokskrivar og barnebokforfattar
  • Ellinor Marita Jåma - sørsamisk politikar
  • Ida Marie Bransfjell - sørsamisk politikar
  • Jarle Jonassen - Sørsamisk politikar
  • Frode Fjellheim - sørsamisk musikar
  • Bierna Bientie - prest for sørsamane
  • Erik Nilsson Mankok — forfattar og samfunnsdebattant
  • Maja Lisa Kappfjell - lingvist som har arbeidd med det sørsamiske ordretteprogrammet
  • Anita Dunfjeld Aagård - lærar ved Sameskolen i Snåsa

Merknadar

Fotnotar

Litteratur

Bibliografi

Grammatikkar

Språkvitskap

  • Bergsland, Knut 1960: Lapin kieltoverbin taivutuksesta Virittäjä 4.327-330
  • Bergsland, Knut 1942: Det samiske slektskaps- og svogerskapsordsystem. Norsk tidsskrift for sprogvidenskap. 13:148-198
  • Bergsland, Knut 1945: L'alternance consonantique date-t-elle du lapon commun? Studia septentrionalia, 1945:2
  • Bergsland, Knut 1945: Om språket i den svensk-samiske ABC fra 1726. Studia septentrionalia. 3:[40]-44. Oslo: Aschehoug.
  • Hasselbrink, Gustav 1944: Vilhelminalapskans ljudlära : med särskild hänsyn till första stavelsens vokaler. Uppsala : Almqvist & Wiksell, 1944.
  • Häkkinen, Jaakko og Minerva Piha, 2020: Kantasaamesta eteläkantasaameen, osa 2. Äännehistorian todisteita eteläsaamen varhaisesta eriytymisestä. Sananjalka 65.
  • Larsson, Lars-Gunnar (red.) 1996: Lapponica et Uralica : 100 Jahre finnisch-ugrischer Unterricht an der Universität Uppsala : Vorträge am Jubiläumssymposium 20.-23. April 1994. Studia Uralica Upsaliensia ; 26. Uppsala : Acta Universitatis Upsalienia : Distributor: Almqvist & Wiksell, 1996.

Tekstsamlingar

  • Bull, Ella Holm & Bergsland, Knut 1993: Lohkede saemien = Sørsamisk lesebok : Grunnskolerådet, Kirke- og undervisningsdepartementet; Kárásjohka : Davvi girji, 1993. 1. utg. Oslo : Universitetsforl., 1974.
  • Collinder, Björn 1942: Lappische Sprachproben aus Härjedalen : nach Nils Axman, Torkel Larsson, Lars Renfelt, Elisabeth Rensberg und Nils Rutfjäll : mit einem Abriss der Nominal- und Verbalbeugung. Arbeten utgivna med understöd av Vilhelm Ekmans universitetsfond ; 50. Uppsala : Almqvist & Wiksell, 1942.
  • Halász, Ignácz 1886: Svéd-lapp nyelv II. Jemtlandi lapp nyelvmutatványok..

Ordbøker

Lærebøker

  • Vangberg, Åsta & Brandsfjell, Helen Blind 2003: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 1 = voestes gærja 1 : åarjelsaemien gielekuvsje / Åsta Vangberg og Helen Blind Brandsfjell ; illustrasjoner: Lena Kappfjell. [Hattfjelldal] : Sijti Jarnge, c2003.
  • Vangberg, Åsta & Brandsfjell, Helen Blind 2004: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 2 = mubpie gærja 2 : åarjelsaemien gielekuvsje. [Hattfjelldal] : Sijti jarnge, c2004.
  • Vangberg, Åsta & Brandsfjell, Helen Blind 2005: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 3 = gåalmede gærja 3 : åarjelsaemien gielekuvsje ; illustrasjoner: Mattis Danielsen. [Hattfjelldal] : Sijti jarnge, c2005.
  • Vangberg, Åsta & Brandsfjell, Helen Blind 2006: Saemesth amma! : sørsamisk for nybegynnere - bok 4 = njieljede gærja 4 : åarjelsaemien gielekuvsje ; illustrasjoner: Mattis Danielsen. [Hattfjelldal] : Sijti jarnge, c2006.
  • Wiklund, K.B. 1915: Lärobok i lapska språket. Uppsala : Akademiska bokhandeln.

Revitalisering

Bakgrunnsstoff

Sørsamisk: Alfabet, Grammatikk, Språkhistorie  Wiki Incubator på sørsamisk

Tags:

Sørsamisk AlfabetSørsamisk GrammatikkSørsamisk SpråkhistorieSørsamisk RevitaliseringSørsamisk MerknadarSørsamisk FotnotarSørsamisk LitteraturSørsamisk BakgrunnsstoffSørsamiskDalarnas länDovreFinsk-ugriske språkJämtlands länNordland fylkeNordmøreNoregSverigeTrøndelagUNESCOUralske språkVästerbottens länØsterdalen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TankbilVestleg kampkunstDei sameinte arabiske emirataMorfinDaniel RadcliffeVaremerkeHenrik II av EnglandGamme2016Bill ChamplinMicrosoft WindowsMagnetisk feltstyrkeTyrkiaLavaMispelPedro I av BrasilSionisme1300-taletJerry ReedJonas LieSirkel24. aprilÅkerbærJon FossePakistanIslamismeHumleOdd NerdrumDet indiske kastesystemetHepatitt C-virusHjortSlavePiknikkorgSvartebokaSnow White and the Seven DwarfsWayback MachinePanserbataljonenCharcot CoveAleksandr RagulinKurdararNynorsk WikipediaBybanen i BergenMoteMogopOlivia RodrigoOprah WinfreySaltStøytionisasjonJesusKabaColombiaStrilamålVendlandElvis PresleyTsjekkoslovakiaLonely and Blue330 skvadronRaudekrossenJohn ScofieldH.C. AndersenVerktøyet filSkandinaviaBengaltigerCasanova av SupergruppaKapitalismeLundefuglRådyr11. februarErik AndersenEdvard VII av StorbritanniaOlivettiSpaniaLa LigaOverarmsbeinClaudio LangesPeter Šťastný🡆 More