Sørlege Bug, òg kalla Sørlege Buh, (ukrainsk Південний Буг, Pivdennyj Buh: russisk Juzjnij Bug, polsk Boh), er ei elv i Ukraina.
Kjelda hennar ligg vest i Ukraina, i Volyn-Podillia-høglandet, kring 145 km frå den polske grensa. Frå her renn ho søraustover til Bugestuaret ved Svartehavet gjennom dei sørlege slettene. Ho er 806 km lang og drenerer eit område på 63 700 km².
Sørlege Bug | |||
Sørlege Buh | |||
elv | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 63 700 km² | ||
Lengd | 806 km | ||
Kjelde | Lviv oblast | ||
Munning | Bugestuaret | ||
Søndre Buh 49°37′53″N 26°25′44″E / 49.6313°N 26.4289°E | |||
Søndre Bug i Ukraina | |||
Wiki Commons: Southern Bug | |||
Av store byar langs Sørlege Bug finn ein Khmelnytskyj, Vinnytsija, Pervomaisk og Mykolaiv.
Herodotos nemnde elva som Hypanis. Under folkevandringstida var Sørlege Buh ei viktig hindring for alle vandrande folk.
Elva er farbar mange kilometer oppover frå munningen og det ligg fleire elvenamner ved elva, som Voznesensk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sørlege Bug, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.