Sår hals er smerte eller irritasjon i strupen.
Det er eit vanleg symptom som ofte skuldast akutt faryngitt (betennelse i halsen), men det kan òg oppstå som følgje av traume, difteri og andre tilstandar. Sår hals kan medføra mild, moderat eller ekstrem smerte.
Sår hals skuldast vanlegvis irritasjon eller betennelse. Den vanlegaste årsaka (80 %) er akutt og viral faryngitt, som er ein virusinfeksjon i halsen. Andre årsaker er streptokokkhalsinfeksjon, traume og svulstar. Ved gastroøsofageal reflukssjukdom kan magesyre straume opp i halsen og føre til sårheit. Streptokokkhalsinfeksjon er ansvarleg for 37% av tilfella av sår hals hjå barn; 5—15% hjå vaksne.
Analgetika som til dømes ikkje-steroide antiinflammatoriske middel og paracetamol kan bidra til behandlinga av smerte. Mayo Clinic tilrår gurgling med varmt saltvatn og stemmekvile. Symptoma plar å stå ved lag i to til sju dagar ved fråvær av aktiv behandling. Andre utbreidde lindringsmiddel er halspastillar, hostemedisin og kyllingsuppe, men desse har lite vitskapleg støtte.
I USA er det om lag 2,4 millionar legebesøk årleg som følgje av halsrelatert uro.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sår hals, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.