Rømmegraut, rjomegraut eller fløytegraut (bokmål rømmegrøt) er ein norsk tradisjonsrett.
Denne rømmebaserte grauten var vanleg å servera ved særskilde høve, som ved bryllaup og barnedåpar, etter ein fødsel eller ein slått, til feitetysdag, jonsok og til jul. Han kunne òg lagast til når ein heldt til på setra.
Grauten blir laga ved at ein kokar rømme og/eller surna fløyte på svak varme. Ulike kornslag kan blandast i, til dømes kveite, bygg, semule- eller risgryn. Grauten blir servert med rømmesmør, som er feitt som har skild seg frå grauten medan han kokte, og sukker og kanel.
Drikke til er gjerne vassblanda saft av rips eller kirsebær.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rømmegraut, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.