Royal Air Force (det kongelege britiske luftforsvaret, RAF) er flyvåpenet til Storbritannia.
RAF er det eldste sjølvstendige flyvåpenet i verda, det vart skipa 1. april 1918 ved at Royal Flying Corps og Royal Naval Air Service vart slegne saman.
Etter verdskrigen vart RAF mykje redusert i storleik, men bygd opp att og fornya i åra før andre verdskrigen. Her spela RAF ein viktig rolle, ikkje minst i slaget om Storbrittania.
Gjennom den kalde krigen tok RAF del i forsvaret av Europa mot ein invasjon frå Sovjetunionen. I denne tida hadde RAF kapasitet til å bruke atomvåpen.
I dei siste åra har RAF delteke i fleire krigar og fredsbevarande aksjonar ulike stader i verda, til dømes Kosovo, Afghanistan og Irak.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Royal Air Force, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.