Mellomjul, romjul eller romhelg (frå norr.
rúmheilagr 'ikkje heilag etter lova') viser til eit tidsrom etter juleheilagdagane og fram til slutten av jula. I eldre tid var dette som regel tida mellom andre juledag og trettandedag 6. januar. I nyare tid reknar ein gjerne med at romjula sluttar ved nyårsdag 1. januar.
Mange har ferie i romjula, og kan nytta tida til avslapping, sosiale høve eller reising. Samstundes opnar fleire butikkar og arbeidsstader etter fleire heilagdagar, og ein kan dermed nytta tida til å bytta julegåver, eller ein kan gå på jobb. I nokre engelsktalande land er omgrepet Boxing Week innført om denne perioden, som tidlegare ikkje hadde noko særskild namn på engelsk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Romjul, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.