Konsul (latin consul) var det høgaste embetet i den romerske republikken, og blei halde av to menn for eitt år om gongen.
I følgje tradisjonen avløyste konsulordninga monarkiet i 510 f.Kr..
Romarane viste til år ved hjelp av namna til dei som var konsular det året, noko som viste kor viktig embetet var. Til dømes ville dei omtala året 59 f.Kr. som «konsulatet til Cæsar og Bibulus», ettersom dei to konsulane det året var Julius Cæsar og Marcus Calpurnius Bibulus. Fordi konsullistene er tekne vare på er det derfor mogleg å datera mange hendingar i romersk historie mykje meir sikkert enn det ein kan for andre oldtidsrike.
Konsular blei vald mot slutten av året, og embetsperioden tok til 1. januar. Under republikken var minimumsalderen for å bli vald til konsul 40 år for patrisiarar og 42 år for plebeiarar.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Romersk konsul, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.