Romanispråk er ei grein av dei indoiransk språka med fleire undergrupper, som blir snakka av sigøynarar (roma og sinti).
Romanés Romani | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Indoiransk Indoarisk | |
Bruk | ||
Tala i | Sigøynarar utan noko eige land | |
Område | Europa | |
Romanéstalande i alt | 4,8 millionar | |
Skriftsystem | Devanagari, gresk, kyrillisk, latinsk. | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Kommunen Shuto Orizari ved Skopje i Nord-Makedonia, 79 landkommunar og ein by (Budeşti) i Romania | |
Språkkodar | ||
ISO 639-2 | rom | |
ISO 639-3 | rom | |
Glottolog | roma1329 |
Ein reknar med at romanispråka vert snakka av om lag 40 millionar menneske. I Europa lever det 10–12 millionar sigøynarar, eller roma, og nesten alle desse kan forstå kvarandre trass i dialektskilnader. Den interne strukturen til romanispråkfamilien er uoversiktleg, det same er kriteria for inndeling i språk og dialekt. Fleire av dei språka som blir snakka i Norden har sine næraste slektspråk i familien i andre delar av Europa.
Grovt sett har dei romanitalande komme til Norden i tre bølgjer. Først kom det romanitalande på 1500-talet, som delte seg språkleg i norsk romani, svensk romani og kaalo, eller kalo finsk romani. Det bur 10 000 roma i Finland, som høyrer til kaale-gruppa. Dei var skild frå roma i Sverige i perioden 1809 fram til 1954 (innføringa av den nordiske passunionen). På slutten av 1800-talet og tiåra framover kom det roma som snakka valakiske romanispråk, kalderasj, lovari og tjurari til Skandinavia. På 1960- og 70-talet kom det roma frå Frankrike, Spania, Polen, Russland, Bulgaria og Jugoslavia, blant anna kalderasj, lovari, arli og romungri. Også krigane på Balkan på 1990-talet førte med seg immigrasjon av roma frå det tidlegare Jugoslavia, m.a. arli, bugurdji og gurbeti. Språk med talarar som har kome i fleire omgangar har vorte styrka med innflytting av nye talarar.
I Noreg er både romanés og romani rakripa (norsk romani) sannkjent som historisk minoritetsspråk med same status som kvensk og dei samiske språka. Sverige har sannkjent svensk romani, finsk romani (kaale), kalderasj, lovari, arli og romungri. Finland har sannkjent finsk romani.
Romanispråka er ein del av den vestlege greina av indoariske språk, i lag med fire andre språkgreiner (domari, khandeshi, gujarati og rajasthani). Romanispråka er sjølv delt inn i fire greiner, balkanromani, sentralromani, nordleg romani, og valakisk romani. Oversynet her byggjer dels på Glottolog, dels på Bijvoet og Fraurud.
Av desse språka er norsk romani (romani rakripa) snakka i Noreg, og svensk romani i Sverige. Det svenske Språkrådet distribuerer i tillegg materiale på arli, kalderaš, kale, lovara.
Ordtilfanget i dei ulike romanispråka ber sterkt preg av historia til sigøynarane (romfolket). Kjernen av ordtilfanget kjem frå dei indoariske språka kring Panjab i India. Mange ord liknar på dei tilsvarande orda i panjabi og hindi — slik som tala frå éin til fem. Andre vesentlege kjelder er armensk, gresk, slaviske språk, romanske språk og germanske språk. Det finst òg enkelte hebraiske og finske ord i romanés.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Romanispråk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.