Riksrevisjonen er Stortinget sitt revisjons- og kontrollorgan.
Riksrevisjonen har som si overordna oppgåve å føre kontroll med at staten sine midlar blir brukt og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte og i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader. Riksrevisjonen er uavhengig av regjeringa og forvaltinga og har omtrent 450 tilsette. Dei tilsette er for ein stor del samfunnsvitarar, økonomar og juristar. Noverande riksrevisor er tidlegare arbeidarparti-politikar Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.
Riksrevisjonen | |||
Org.form | Etat | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 974760843 | ||
Skipa | 1918 | ||
Morselskap | Stortinget | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Tenester | Revisjon | ||
Styreleiar | Karl Eirik Schjøtt-Pedersen | ||
Tilsette | 450 | ||
Nettstad | http://www.riksrevisjonen.no |
Riksrevisjonen gjennomfører:
Riksrevisjonen blei samla under ein organisatorisk eining under Stortinget si leiing i 1918. Frå 1822 til 1918 hadde eit eige Revisjonsdepartement ansvaret for den konsitusjonelle kontrollen.
Riksrevisjonen er forankra i Grunnloven § 75 k., der det står at Stortinget utnemner fem revisorar, Riksrevisorkollegiet, som kvart år skal gå gjennom staten sine rekneskap. Her er vidare ei lov om statens revisionsvæsen, og ein instruks for «Statsrevisionen» frå 1918, med seinare tileggsinstruksar.
Før spelte rekneskapsrevisjonen ei stor rolle, men i nyare tid har forvaltingsrevisjonen òg kome i fokus, som kontrollerer at forvaltninga si effektivitet, resultat, og er i tråd med staten sine interesser.
Riksrevisoren er leiaren for Riksrevisorkollegiet, som er Riksrevisjonen sitt øvste organ. Medlemmane i kollegiet blir samla til jamlege møte, og dei siste åra har det vore ca. 10 møte i året. Avgjerdene blir i all hovudsak fatta gjennom konsensus. Riksrevisjonen er partipolitisk samansett og opptrer som ein politisk kvalitetssikrar i forvaltingsrevisjonssaker. Norma om konsensus bidrar til partipolitisk nøytralitet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Riksrevisjonen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.