Representanthuset I Usa

Representanthuset i USA (engelsk United States House of Representatives) er det eine av dei to kammera i den riksdekkjande lovgjevande forsamlinga i USA, Kongressen.

Det andre er Senatet. Delstatane er representerte i tråd med folketalet deira, men kvar delstat er garantert minst éin representant. Per i dag har den mest folkerike staten, California, 53 representantar, medan talet på representantar med røysterett er sett til 435.

Representanthuset i USA

United States House of Representatives
Representanthuset I Usa
Struktur
Representanthuset I Usa
Politiske grupper
Fleirtal (233)

Mindretal (197)

Andre (1)

  •      Sjølvstendig (1)

Ledig (4)

  •      Ledig (4)
Representanthuset I Usa
Nettstad
http://www.house.gov

Kvar representant tener i ein toårsperiode. Mange kommentatorar meiner at dette gjer at arbeidet i Representanthuset vert sabotert av den nærast kontinuerlege valkampprosessen alle representantane som ynskjer attval må gjennom.

Leiaren for Representanthuset er den såkalla talaren, som til eikvar tid vert vald av og frå representantgruppa til det største partiet.

Representantane til dette huset vert i regelen valde frå mindre valdistrikt enn dei som gjeld for senatrepresentantane (eit gjennomsnittstal frå 2007 ligg på 693.000). Somme meiner at dette gjer at Representanthuset vert dominert av partipolitikk.

Representanthuset har somme fullmakter som berre det har, mellom anna til å endra skattelovverket, trekkja folkevalde for riksretten og velja presidenten i situasjonar der valmennene ikkje kan einast om ein vinnar.

Talarar

Den noverande talaren i Representanthuset er Nancy Pelosi, ein demokrat som har hatt stillinga sidan januar 2019.

Blant andre som har vore talar er:

  • Paul Ryan (frå oktober 2015)
  • John Boehner, republikansk representant for delstaten Ohio (frå januar 2011)
  • Nancy Pelosi (frå januar 2007)
  • Dennis Hastert
  • Newt Gingrich
  • Tom Foley
  • Jim Wright
  • Tip O'Neill (d. 1994)
  • John W. McCormack
  • Sam Rayburn

Kjelder

Tags:

CaliforniaKongressen i USASenatet i USA

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NoregDen franske revolusjonenEmma WatsonLivmorhalskreftUrfolkWikiUtviklinga av traktorenTrågGeirr TveittGytingKleopatraPaukeSentral-MakedoníaBossa novaOddMediaWikiTeikningÆGazastripaKirsti SparboeØystein SundeStrilamålPotetmjølMellersta ÖsterbottenKari Elisabeth KaskiKrøllparentesSteve MillerRomsdalingHarald V av NoregListe over primtalIl Tempo GiganteGudbrandsdalenArabiskVeivakselNasjonalbiblioteket1900-taletMongoliaJordbruksrevolusjonenJernInformasjonskapselNSDAPFridthjov AnderssenSylvi ListhaugFrozenWienerklassisismenVåren av Aasmund Olavsson VinjeFascismeBelgiaØresundbruaHotel CaliforniaNepotismeTeokratiHormuzsundetQueenCristiano RonaldoRepublikken KomiLemmingDet norske flaggetFlodhestCarles PuigdemontVestlandetGjelleTrondheimSagaen om IsfolketGrunnstoffliste etter namnEfesosUrfolk i USANedslagskraterAfghanistanLeonardo da VinciKnut Marius DjupvikTyskland🡆 More