Dronning

Ei dronning kan vera kona til ein regjerande konge, eller sjølv vera den regjerande monarken i eit land.

Ektemannen til ei regjerande dronning er derimot ikkje ein konge; han har andre titlar, som prinsgemal (dansk) eller prince consort (engelsk). Mora til ein regjerande monark som ikkje sjølv har formell makt blir ofte kalla dronningmor.

Dronning
Victoria av Storbritannia var ei mektig regjerande dronning.

I praksis er ikkje skiljet mellom ulike dronningar absolutt. Ei inngift dronning har ofte fått mykje makt over kongen, medan ei enkjedronning kan ha herska heilt eller delvis etter å ha mista mannen sin, ofte på vegne av ein mindreårig son. Dronningar kunne oppnå makt ved hjelp av eige evner eller på grunn av slektskap, ettersom dei i tidlegare tider gjerne kom frå kongelege familiar i andre land.

Også dronningar utan mykje innverknad på samfunnet rundt seg er blitt sett på som symbol for landet eller kongsmakta. Marie Antoinette, den siste dronninga før den franske revolusjonen, er eit døme på dette. Ho blei sett på som lettsindig og fjerna frå folket, og blei avretta som ein forhatt representant for monarkiet.

Arverett til dronningtittelen

Dronning 
Dronning Margrethe av Danmark blei regjerande dronning ved eit unntak.

Tidlegare har stillinga som regjerande dronning gjerne vore eit unntak; dei fleste dronningane var det på grunn av mannen si stilling. I dag har derimot mange av dei gjenverande europeiske monarkia arvelovar som seier at kvinner kan arve trona på lik linje med menn, og Danmark, Nederland og Storbritannia har ei dronning som statsoverhovud. Etter at den norske grunnloven blei endra i 1990 fekk kongelege av begge kjønn lik arverett på trona.

Annan bruk av ordet

Dronningtittelen er blitt overført til andre område, mellom anna dyreriket, der viktige kvinnelege insekt i eit insektsamfunn kan bli kalla «dronning». Dette gjeld særleg bier og maur.

I vestleg sjakk blir den mektigaste brikka òg kalla «dronning», medan den viktigaste, men meir hjelpelause brikka blir kalla «konge».

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Tags:

Dronning Arverett til dronningtittelenDronning Annan bruk av ordetDronning Sjå ògDronning BakgrunnsstoffDronning KjelderDronningDanskEngelskKongeMonark

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Karin KrogHannah MontanaOrBygdedyretKristiansund BallklubbGdańskKoparslagararAlle vender augo sine til degLittle WalterJanis JoplinIngeborg WaltherSimon SlåttvikGunnhild SundliYosef Wolde-MariamNord-AmerikaNapoléon BonaparteBernie LeadonFæringIvan KramskojNazismeOpus DeiEau de vieJolene av Dolly PartonNanometerDen norsk-russiske grensaNangijalaFotografHenrik II av EnglandSaltLiza JaneEnrico CarusoMusic Corporation of AmericaLotta i BråkmakergataGenèveSelda EkizKøla-PålsenNasjonaldrikkMarokkoEtiopiaChakraSergej EisensteinHydrogencyanidParaíbaFolie à DeuxKolonialhandelOslolosenDet norske flaggetScrabbleAndre verdskrigenAndalucíaTaakeJonas Gahr StøreSvastikaGulerleSamvirkelagRadka ToneffHovudsideSoga om Eirik RaudeDreiemomentBerlinmurenJohn ScofieldH.C. AndersenUsbekistanTranskjønnPeter Wessel TordenskjoldAndRiksveg 7KirunaMusvåkGro Harlem BrundtlandEli Kari GjengedalJon Eikemo2024In the Eye of the Storm av OutlawsSigmaIdentitet🡆 More