Real Zaragoza er ein spansk fotballklubb som høyrer heime i Zaragoza, i regionen Aragon.
Klubben vart skipa 18. mars 1932. Klubbstadion La Romareda kan ta mot 34 596 tilskodarar.
Fullt namn | Real Zaragoza, S.A.D | ||
---|---|---|---|
Kallenamn | Los Maños Los Blanquillos | ||
Grunnlagd | 18. mai 1932 | ||
Heimebane | La Romareda (kapasitet: 34 596) | ||
President | Christian Lapetra | ||
Hovudtrenar | Julio Velázquez | ||
Liga | Segunda División | ||
Nettstad | Heimeside | ||
| |||
Noverande sesong |
Klubben har dei fleste sesongane delteke i La Liga, med har sidan 2013 spelt i andre divisjon. Real Zaragoza vann Cupvinnarcupen 1995 etter å ha slått Arsenal 2-1 i finalen på Parc des Princes i Paris, der midtbanespelaren Nayim avgjorde kampen i det 120. minutt med ei skåring frå over 50 meters hald. Klubben har vunne den spanske cupen, Copa del Rey, seks gongar. I La Liga er andreplassen i 1975 den aller beste plasseringa. Real Zaragoza spelte seg fram til finalen i Messebycupen i 1964 og 1966, og sigra i den fyrste og tapte den andre.
Laget stiller vanlegvis i kvite skjorter og strømper, buksene er kongeblå.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Real Zaragoza, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.