Rasisme er menneskesyn, politikk eller ideologi som går inn for rasediskriminering, og som med uvitskapleg bruk av raseomgrepet ofte blir nytta til å rettferdiggjera rasehat og underkuing av andre folk og folkeslag.
Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) slår fast at menneskerettane gjeld uavhengig av mellom anna rase. EMK Artikkel 14 har eit forbod mot diskriminering, mellom anna på grunn av rase.
I Noreg er diskriminering på grunnlag av etnisitet, nasjonalt opphav, avstamming eller hudfarge forbode ved lov. Positiv særbehandling for å fremje likestilling er likevel tillatt. Om nokon blir dømd for å ha utøvd grov vald eller grovt skadeverk, vil straffa bli skjerpa dersom brotsverket er rasistisk motivert.
«rasisme» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rasisme, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.