Randi Folkestad (fødd 24.
september 1933) er ein norsk forfattar.
Randi Folkestad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. september 1933 (90 år) Svolvær |
Yrke | skribent |
Folkestad er fødd i Svolvær, men sidan sekstitalet har ho vore busett i Sandnes og Stavanger. Ho har utdanning i fransk språk, historie og litteraturhistorie frå Sorbonne i Paris. Folkestad har også ein eksamen i psykologi og pedagogikk.
I 1985 gav Folkestad ut ein roman, Tangsforretningen. I boka har ho til dels gjort bruk av eigen barndom under siste verdskrig. I 1994 bidrog ho med «Funnyland» i samlinga Vidunderlige nye verden til minne om Aldous Huxley. Som pensjonist deltar ho framleis aktivt i kulturlivet, mellom anna gjennom formidling av litteratur på biblioteka i Sandnes og Stavanger.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Randi Folkestad, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.