Rammsund er ei norsk metallgruppe som hovudsakleg spelar den tyske industrimetall-gruppa Rammstein sin musikk omsett til nynorsk.
Rammsund hadde sin første offisielle konsert den 15. november 2004, dagen før Rammstein sin eigen konsert i Oslo Spektrum.
Originaltittel | Nynorsk tittel |
---|---|
Mein Herz Brennt | Hjartet mitt brenn |
Mein Teil | Lemmen min |
Weisses Fleisch | Kvitt flesk |
Feuer Frei | Opne Eld |
Rammstein | Rammsund |
Mutter | Mutter'n |
Du hast | Du har |
Amerika | Amerika |
Benzin | Bensin |
Omsetjingsprosjektet var inspirert av musikkgruppa DDR, som framførte DDE-songar omsett til tysk. Medlemmene i Rammsund meinte at dei tyske Rammstein-tekstane blei best i nynorsk språkdrakt. Språkrådet har vore med på omsetjinga av dei tyske tekstane.
I songtekstane er ein tru mot opphavet, og omset tekstane med både tittel og tekst så direkte som mogleg. Nokre døme finst i tabellen til høgre.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rammsund, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.