Ragnar Fjørtoft (fødd 1.
august">1. august 1913 i Oslo, død 28. mai 1998) var ein norsk meteorolog.
Ragnar Fjørtoft | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. august 1913 Oslo |
Død | |
Yrke | meteorolog, professor |
Medlem av | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Han tok cand.real. i 1940 og dr.philos. i 1950. Han arbeidde som meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet frå 1939 til 1946, og ved Meteorologisk Institutt i Oslo frå 1946 til 1952. Han vart så professor ved Københavns universitet frå 1952 til 1955, og direktør for Det norske meteorologiske institutt 1955–1978. Frå 1967 til 1983 var han òg professor II i meteorologi ved Universitetet i Oslo.
Forskinga til Fjørtoft har særleg kasta lys over mekanismen som fører til danninga av vandrande lågtrykk. I 1950-1951 deltok han i eit forskingsprosjekt for utvikling av numeriske vêrvarslingsmetodar i Princeton i New Jersey, og gjennomførte saman med amerikanarane Jule Charney og John von Neumann den første vêrprognosen ved datahandsaming. Dette var ein milepåle i meteorologihistoria. Det var første gong eit vêrvarsel vart utarbeidd ved hjelp av ein datamaskin. Dei nytta seg av ein sterkt forenkla modell av atmosfæren, og det tok eit heilt døgn å utarbeide eit 24-timarsvarsel. Likevel var bruken av den nye teknikken særs oppmuntrande og vart registrert med særs stor interesse i det meteorologiske samfunnet.
Han tok doktorgraden i 1950 med ei avhandling om i stabilitet av atmosfæriske luftstraumar. Arbeidet vart under disputasen skildra som eit meisterverk. Det inneheld mange nye resultat, og fleire av desse vert sitert mykje i litteraturen. Det kanskje mest kjende arbeidet hans vart publisert i 1953. Her viste han at energifluks i ei to-dimensjonal væskerørsle følgjer heilt andre lover enn i ei tre-dimensjonal væskerørsle. Resultatet er avgjerande for studiet av energitransformasjonar i atmosfæren. Men dei er òg mykje nytta for tolking av to-dimensjonal væskerørsle i mindre skala.
Fjørtoft skreiv òg fleire avhandlingar om numerisk vêrvarsling og atmosfærisk sirkulasjon, mellom anna i lag med venen Arnt Eliassen.
Ragnar Fjørtoft var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1956. Han vart utnemnd til riddar 1. klasse av St. Olavs Orden i 1967 og mottok fleire utmerkingar for forskinga si, mellom anna Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning i 1977 og IMO-prisen, den høgaste internasjonale utmerkinga innan meteorologi, i 1991.
«Ragnar Fjørtoft» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ragnar Fjørtoft, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.