Rørslemengd, momentum, massefart, impuls, rørslestorleik eller driv er ein fysisk storleik.
I klassisk fysikk er ho definert som masse multiplisert med snøggleik. Rørslemengd er ein vektor, dvs. det er ein storleik med retning i rommet. Vanleg symbol er p og SI-eininga er kilogram * meter per sekund eller kg ms-1. Rørslemengd er ein svært sentral storleik i fysikken sidan ho, i motsetnad til snøggleik, er ein bevart storleik i kollisjonar og andre gjensidige kraftutvekslingar.
I newtonsk mekanikk er rørslemengda definert som produktet av masse og snøggleik. Ein vektor i rommet har tre komponentar, og dermed har ein
For et system samensett av fleire delar, er den totale rørslemengda summen av rørslemengda til kvar enkelt del
der summen er ein vektoraddisjon.
Newton sine lover kan formulerast ved hjelp av omgrepa kraft og rørslemengd.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rørslemengd, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.