Pål Øie (fødd 15.
november 1961) er ein norsk filmskapar som fekk gjennombrotet sitt med spelefilmdebutten Villmark (2003). Han har tidlegare laga ei rad kortfilmar. Arbeidet til Øie er kjenneteikna av eit sterkt visuelt filmspråk som ofte bidreg til å lade dramatiske situasjonar med ei dempa uro.
Pål Øie | |||
Fødd | 15. november 1961 (62 år) | ||
---|---|---|---|
Verka som | filmregissør, manusforfattar, regissør |
I 2013 regisserte han ein dokumentarfilm om kunstnaren Lars Hertervig, kalla Lysets vanvidd.
I 2019 kom han med filmen Astrup – Flammen over Jølster med danske Thure Lindhardt i hovudrolla som Nikolai Astrup. Øie har sjølv familietilknyting til Jølster, og initiativet til filmen kom frå Jølster kommune. Dagbladets anmeldar roste fotograferinga og meinte filmen elles er ujamn. Meldarane i Aftenposten og Bergens Tidende var meir positive og gav terningkast fire.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pål Øie, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.