Pål Bjarne Tyldum (fødd 28.
mars">28. mars 1942) er ein norsk tidlegare langrennar frå Høylandet i Nord-Trøndelag.
Pål Tyldum | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. mars 1942 (82 år) Høylandet kommune |
Idrett | langrenn |
Tok del i | |
Utmerkingar | Fearnleys olympiske ærespris, Holmenkollmedaljen, Olavstatuetten |
Tyldum var lite påakta som langrennar før enn han i 1968 gjekk ei rekke gode renn. Han vart olympiameister på femmila i Sapporo under 1972, og var med på stafettlaget som tok gull i Grenoble under 1968. I tillegg vann han tre OL-sølv (eit av dei i stafett) og vart noregsmeister sju gonger. Han var særleg dyktig på dei lengre distansane, kjend for si evne til å disponere kreftene. Tyldum var norsk flaggberar i vinter-OL 1976 i Innsbruck. Han representerte i alle år Idrettslaget Hållingen frå Høylandet. For innsatsen sin under vinter-OL i 1972 vann han Fearnleys olympiske ærespris dette året.
Tyldum vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1970.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pål Tyldum, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.