Pytheas frå Massalia (fødd ca.
380 f.Kr., død ca. 310 f.Kr.) var ein gresk handelsmann, geograf og oppdagar frå den greske kolonien Massalia (dagens Marseille i Frankrike). Han gjennomførte ei sjøreise for å utforska det nordvestlege Europa rundt 325 f.Kr. Han segla rundt det meste av Dei britiske øyane.
Pytheas er den første ein kjenner til som har gjeve skriftlege oppteikningar om midnattssola, nordlyset og polarisen, og den første til å nemna namnet «Britannia» og germanske stammar. Landet han kom til i nord kalla han «Thule», dette var sannsynlegvis Noreg. Kor langt nord han kom i Noreg er umogleg å vita, men enkelte har meint at han må ha segla til Hålogaland for å kunna skildra nordlyset. Dønna og Træna er blant dei øyane i Nordland som då peikar seg ut.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pytheas frå Massalia, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.