Psykedelisk musikk (stundom berre kalla psykedelia) er ei lang rekkje av sjangrar og former for popmusikk påverka av den psykedeliske subkulturen i 1960-åra, der folk brukte psykedeliske narkotika som LSD, fleinsopp, meskalin og DMT for å få visuelle og lydmessige hallusinasjonar, synestesi og endra medvitstilstand.
Psykedelisk musikk har som mål å forsterke opplevingane ved å bruke desse dopmidla.
Psykedelisk musikk oppstod i 1960-åra blant vise- og rockeband i USA og Storbritannia, som skapte undersjangrane psykedelisk folk, psykedelisk rock, acidrock og psykedelisk pop før stilen vart mindre populær tidleg i 1970-åra. Mange musikksjangrar bygde vidare på den psykedeliske musikken i dei påfølgjande tiåra, som progressiv rock, krautrock og heavy metal. Sidan 1970-åra har den psykedeliske musikken hatt populære periodar att med psykedelisk funk, neo-psykedelia og psykedelisk hiphop, i tillegg til psykedelisk, elektronisk musikk som acid house, trance og new rave.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Psykedelisk musikk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.