Prostaglandin er ei viktig gruppe av lipid.
Dei blir danna frå fleirumetta feittsyrer ved hjelp av enzym. Alle prostaglandin har 20 karbonatom, inkludert ein fem-ring. Dei er signalsubstansar og har ei rekkje fysiologiske verknader. Dei blir klassifiserte som lokalt verkande hormon.
Prostaglandina utgjer prostanoida, saman med tromboksana. Prostanoida er ei undergruppe av eicosanoida.
Namnet prostaglandin er avleidd frå prostata. Prostaglandin blei først funne i sædvæske i 1935 av to forskarar uavhengig av kvarandre, svensken Ulf von Euler, og M.W. Goldblatt, Dei trudde stoffet kom frå prostata, i røynda kom det frå sædblærene. Seinare blei det vist at prostaglandinar blir laga mange stader i kroppen.
I 1971 blei det vist at lækjemiddel av aspirin-typen kunne hindre syntesen av prostaglandin. I 1982 fekk biokjemikarane Sune K. Bergström, Bengt I. Samuelsson og John R. Vane Nobelprisen i medisin i lag for forskinga si på prostaglandin.
Det er for tida ni kjente prostaglandinreseptorar på ulike celletypar. Prostaglandin har såleis verknad på celler som muskelceller i veggen på blodkar som opnar eller stenger, på blodplater og er årsak til samanklumping eller oppløysing og på nerveceller som gjev smerte. Dei formidlar betennelse, regulerer kalsium-transport, hormon og cellevekst.
Prostaglandina har kraftig verknad, men ei kort levetid. Dei verkar difor berre på cella dei blir produsert i eller celler rett i nærleiken.
Lækjemiddel som NSAIDar, kortikostereoid og COX-2 selektive inhibitorar verkar inn på prostaglandinsyntesen.
Syntetiske prostaglandin blir brukte:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Prostaglandin, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.