Justin Bieber er ein kanadisk songar, skodespelar og låtskrivar.
Bieber vart oppdaga i 2008 av den amerikanske manageren Scooter Braun som kom over ein video av Bieber på YouTube, og som seinare vart manageren hans. Braun sendte Bieber for å møte songaren Usher Raymond i Atlanta i Georgia i USA. Bieber signerte fyrst ein kontrakt med Raymond Braun Media Group (RBMG) og seinare med Island Records. Den fyrste EPen hans, My World, vart gjeven ut 17. november 2009. Det gjorde at Bieber vart den fyrste artisten som hadde sju songer frå debutalbumet på Billboard Hot 100. EPen fekk tildelt paltina av Recording Industry Association of America (RIAA). Det fyrste heile studioalbumet hans, My World 2.0, vart gjeven ut 29. mars 2010. Tre av singlane frå albumet nådde Billboard Hot 100: «Baby», «Somebody to Love» og «U Smile». Albumet fekk to gonger platina av RIAA.
Justin Bieber framførar «Favorite Girl» i Hallenstadion i Zürich som ein del av My World Tour 8. april 2011. | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Totalt | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Vinnar | 221 | |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Nominasjonar | 437 |
American Music Awards er ei prisutdeling som vart skipa av Dick Clark i 1973. Bieber har vunne sju av dei åtte prisane han har vore nominert til.
År | Nominert artist og verk | Pris | Resultat |
---|---|---|---|
2010 | Seg sjølv | Årets artist | Vinnar |
Mannlege favoritt pop/rock-artist | Vinnar | ||
T-Mobile Breakthrough Artist | Vinnar | ||
My World 2.0 | Favoritt pop/rock-album | Vinnar | |
2011 | Seg sjølv | Mannlege favoritt pop/rock-artist | Nominert |
2012 | Seg sjølv | Årets artist | Vinnar |
Mannlege favoritt pop/rock-artist | Vinnar | ||
Believe | Favoritt pop/rock-album | Vinnar |
BET Awards er ein prisutdeling for å anerkjenne afroamerikanarar og andre minoriteter innan musikk, skodespel, sport og anna. Bieber har vore nominert éin gong.
År | Nominert artist | Pris | Resultat |
---|---|---|---|
2010 | Seg sjølv | Beste nye artist | Nominert |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Prisar og nominasjonar mottekne av Justin Bieber, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.