Prærieulven eller coyoten (Canis latrans) er eit mellomstort hundedyr som lever i heile Nord-Amerika.
Prærieulv | |
Prærieulv | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av prærieulv | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Underorden: | Caniformia |
Infraorden: | Cynoidea |
Familie: | Hundefamilien Canidae |
Slekt: | Canis |
Art: | Prærieulv C. latrans |
Vitskapleg namn | |
Canis latrans Say, 1823 |
Han er kanskje framfor alt kjend for hylet sitt, som er ein viktig stemningsskapar i westernfilm.
Prærieulven har grå pels med tonar av gult og brunt. Han er svært sjeldan over ein meter lang, og veg mellom 9 og 22 kg. Han skil seg frå andre liknande hundedyr ved å vera mindre og ikkje minst slankare; han treng ikkje vera i fare for å sjå undervektig ut.
Prærieulven finst i heile Nord-Amerika, bortsett frå heilt aust i Canada. Denne store utbreiinga kjem i store trekk av at menneske har utrydja ulv og raudulv frå store område. Ein finn prærieulv i dei fleste landskapstyper, men han likar seg best når han har buskas å luska i.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Prærieulv, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.