Pleokroisme

Pleokroisme (frå gresk: ”πλεων” = pléon for ’meir’ og ”χρωμα=chroma for ’farge’) er ein indre optisk eigenskap hos farga anisotrope krystallar (som i edelsteinar) og kjemiske emne, slik at dei bryt lys ulikt, avhengig av synsvinkelen.

Dette inneber at krystallstrukturen skiftar i mange ulike fargar og eventuelt òg i fargeintensitet og nyanse, fordi berre lys med somme fargar slepp gjennom krystallen. Fargen avheng av innfallsretninga og polarisasjonsretninga til lyset i tilhøve til dei optiske aksane til krystallen. Alle naturlege edelsteinar som syner pleokroisme er dobbeltbrytande, noko som inneber at ei lysstråle blir brote i to stråler ved gjennomlysing. Om lyset som har sloppe gjennom vert studert med ein polarisator stilt først parallelt med og så vinkelrett på ein optisk akse, som òg er vinkelrett på stråleretninga, ser ein to ulike fargar.

Pleokroisme
Pleokroisme i cordieritt

Med eit dikroskop kan ein tydeleg fastslå pleokroisme.

Ved optisk toaksa krystall får ein, når lyset sendast i ei anna retning, fram ein av dei same og ein ny farge, i alt tre ulike fargar, trikroisme, medan ein ved einaksa krystall berre får fram to fargar, dikroisme. Pleokroisme er samleomgrepet for dikroisme og trikroisme.

Det er eit viktig hjelpemiddel når ein skal avgjere krystall.

Kjelder

Tags:

AnisotropDobbelbrytingEdelsteinElektromagnetisk polariseringFargeGreskKrystallLys

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Katarina II av RusslandByar i NederlandFramstegspartietLitauenJoseph HaydnMexicoSlaurÅrstidTromsø kommuneWiki CommonsIndonesiaHarry PotterSlaveFilmjølkBritiske monarkarDesiKattStilarkDesta Marie BeederCarl I. HagenHarald EiaBloggPeter Wessel TordenskjoldMeter per sekundNikolaus KopernikusAlver kommuneMåndagVladimir PutinEHF-meisterligaen i handball 2013/MennProfil-opprøretMonogamiStikkelsbærIvar AasenAtenAngstOSI-modellenHardangerfjordenPeruForsikringEkvatorTyskRekonvalesensPresident i FinlandPippi LangstrømpeInkarikets fallVassøyna i GulenUkrainsk kulturH.C. AndersenRådyrMeisefamilienSaltDavid CameronBrigitte BardotTwitterPeer Gynt-prisenPeriferieininga SérresKarbalaTranebærKelly ClarksonOppland fylkeThomas MüllerHadeikumKaptein SabeltannSevernaja ZemljaNæringslivDattatrejaMusikalVardø kommuneErling SteinveggStolen generasjonDen dominikanske republikkenHallingdansLønnBjørnstjerne BjørnsonHenrik Wergeland2024🡆 More