Ein plantasje er ei større landbrukseining der oftast berre éin vekst vert dyrka, og i stor stil.
Dette vert også kalla monokultur eller monokultivering. Døme på plantasjeplanter er kaffi, sukker, te, tobakk, bomull, gummipalmar, frukttre osb.
Som plantasje reknar ein vanlegvis store landbrukseiningar i tropane og subtropane som, i tillegg til å ha spesialisert seg på éin type vekst eller éin type husdyr, utnyttar billeg lokal arbeidskraft. Spesialisert produksjon i stor skala og billeg arbeidskraft bidreg sterkt til at produkt som til dømes bananar og appelsinar er lågprisprodukt i den rike delen av verda.
Plantasjane finst i fyrste rekkje i Latin-Amerika, det sentrale og sørlege Afrika og Søraust-Asia.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Plantasje, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.