Pitesamisk eller arjeplogsamisk er eit samisk språk i den uralske språkfamilien.
Dei få talarane som er att bur hovudsakleg i Sverige, kring og sør for Pite älv på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur; og det bur òg nokre få i Salten på norsk side.
Pitesamisk bidumsámegiella | ||
Klassifisering | Uralsk samisk | |
Bruk | ||
Tala i | Noreg, Sverige | |
Område | Nordland, Norrland | |
Pitesamisktalande i alt | ca. 25–50 | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | latinsk alfabet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | sje |
I Sverige bur 30-40 talarar. I Noreg har det vorte hevda at dei «siste som hadde pitesamisk som morsmål» skal ha døydd på 1950-talet, men pitesamiske språkbrukarar i Fauske kommune vart refererte til i kjelder frå tidleg i 2000-åra, og framleis i dag finst nokre få morsmålstalarar i Fauske kommune.
Språkområdet er på nordsida av Arvidsjaur og Arjeplog, langs Pite älv. Det norske språkområdet er avgrensa «av Saltenfjorden i nord og Ranfjorden i sør, og omfattar Beiarn, Saltdal, Gildeskål, Meløy, Rødøy, deler av Bodø og deler av Fauske kommuner.»
I Bodø driv det pitesamiske senteret Duaddara ráfe med arbeid for å revitalisera pitesamisk språk og kultur. På 2010-talet byrja nokre nordmenn få opplæring i språket.
Pitesamisk har i følgje Lehtiranta 1992 s. 74 det klassiske 5-vokalsystemenet (hos Lehtiranta notert som i, u, e, å, a):
fremre | midtre | bakre | |
---|---|---|---|
lukka | i | u | |
halvopen | ɛ | ɔ | |
open | ɑ |
I tillegg har pitesamisk fire lange vokalar, to av dei er diftongert (hos Lehtiranta notert som ie, uo, aa, åå):
fremre | midtre | bakre | |
---|---|---|---|
lukka | iɛ | uɔ | |
halvopen | ɔ: | ||
open | ɑ: |
Pitesamisk og umesamisk står i ei midtstilling mellom sør- og nordsamisk, i og med at begge desse har både det nordlege trekket stadieveksling og det sørlege trekket omlyd i større eller mindre grad.
Pitesamisk har til felles med lulesamisk og dei andre nabospråka i nord at konsonanten mellom rotvokalen og stammevokalen varierer mellom sterk og svak artikulasjon (såkalla stadieveksling) etter visse grammatiske reglar:
(Det same trekket finn vi att i den sørlege naboen umesamisk også, men der berre etter lang rotvokal. Sørsamisk manglar stadieveksling heilt.)
Sørlege dialektar av pitesamisk har til felles med nabospråka i sør, umesamisk og sørsamisk, at rotvokalen i mange fall skiftar etter endingsvokalen. Dette fenomenet kallar vi omlyd. Peter Steggo har sett opp ei matrise med i alt ni omlydsrekkjer og seks omlydssteg på pitesamisk. Vi kan oppsummere dette med å seie at:
I tabellform får vi da:
Lang rotvokal | Kort rotvokal | Endingsvokal | ||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
á | ie | uo | åå | a | i | u | o | |||
III | I–II | III | I–II | |||||||
á | ä | ie | ua | uo | åå | a | i | u | å | á a å o |
uä | e | |||||||||
ä | e | u | i | u | i ij u uj |
Merk at denne matrisa, som byggjer på Peter Steggo si matrise, manglar det korte vokalfonemet /e/ som er inkludert i det pitesamiske fonemsystemet som skildra av Lehtiranta.
I Qvigstads oversiktsverk De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker (Oslo 1938) finn vi blant anna formene Fiewsajaw’rē (Kartverket: Fievsajávrre/Botnvatnet) ved Rognan i Saltdal kommune; og det underliggjande gardsnamnet Fæw’sa (stadium III) ved øverenden av dette vatnet. Tilsvarande har Qvigstad Dælbma (st. III; Kartverket: Dælmma / Tverråfjellet) i Beiarn kommune og den avleidde forma Dielmanjunnē på same staden. I desse namna — både frå Saltdal og frå Beiarn — har Qvigstad registrert veksling mellom æ i sterkt stadium (st. III) og ie i svakt stadium.
Qvigstad har:
Suličælbma | u-i | Sulitjelma | Fauske kommune |
Pitesamisk har ni ulike kasus, nominativ, akkusativ og genitiv, dei lokale illativ (‘inn i’), inessiv (‘inni’) og elativ (‘ut av’), og dei ikkje-lokale adverbiale komitativ (‘med’), essiv (‘som’) og abessiv (‘utan’). Kasusbøyinga går fram av paradigmet for juällge ‘fot’, räjjdo ‘arbeidsreidskap’ og namma ‘namn’:
Kasus | -ie (sg) | -ie (pl) | -uo (sg) | -uo (pl) | -a (sg) | -a (pl) |
---|---|---|---|---|---|---|
Nom | juällge | juolge | räjjdo | riejdo | namma | nama |
Akk | juolgev | julgijt | riejdov | riejduojt | namav | namajt |
Gen | juolge | julgij | riejdo | riejdoj | nama | namaj |
Ill | juallgáj | julgijda | rejduj | riejdojda | nammaj | namajda |
Ine | juolgen | julgijn | riejdon | riejduojn | naman | namajn |
Ela | juolgest | julgijst | riejdost | riejduojst | namast | namajst |
Kom | julgijn(a) | julgij | rejdujn(a) | riejdoj | namajn(a) | namaj |
Ess | juällgen | räjjdon | namman | |||
Abe | juolgedak | riejdodak | namadak |
Som det går fram av paradigmet, har pitesamisk stadieveksling og omlyd. Omlyden er mindre gjennomført lengst nord.
Pitesamiske verb blir bøygd i tre personar, to tempora, tre tal og fire modi. Nektingsverbet blir bøygd i tempus.
I 2014 kom A grammar of Pite Saami av Joshua Wilbur, 2015 kom Pitesamisk grammatik av Ann-Charlotte Sjaggo og i 2016 Pitesamisk ordbok, frå skriftserien Samica. Det offisielle skriftspråket som pitesamisk har hatt siden 2019. byggjer på desse tidligere arbeid om pitesamisk grammatikk, ordforråd og ortografi.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pitesamisk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.