Pitesamisk: Samisk språk

Pitesamisk eller arjeplogsamisk er eit samisk språk i den uralske språkfamilien.

Dei få talarane som er att bur hovudsakleg i Sverige, kring og sør for Pite älv på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur; og det bur òg nokre få i Salten på norsk side.

Pitesamisk
bidumsámegiella
Klassifisering Uralsk
 samisk
Bruk
Tala i Noreg, Sverige
Område Nordland, Norrland
Pitesamisktalande i alt ca. 25–50
Rangering Ikkje topp-100
Skriftsystem latinsk alfabet
Språkkodar
ISO 639-3 sje
Pitesamisk: Utbreiing, Grammatikk
Tospråkleg vegskilt ved Árjepluovve (pitesamisk) / Arjeplog (svensk) i Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige.
Foto: Bjørn Utne, 2008
Pitesamisk: Utbreiing, Grammatikk
Pitesamisk-svensk ordbok fra 2016

I Sverige bur 30-40 talarar. I Noreg har det vorte hevda at dei «siste som hadde pitesamisk som morsmål» skal ha døydd på 1950-talet, men pitesamiske språkbrukarar i Fauske kommune vart refererte til i kjelder frå tidleg i 2000-åra, og framleis i dag finst nokre få morsmålstalarar i Fauske kommune.

Utbreiing

Språkområdet er på nordsida av Arvidsjaur og Arjeplog, langs Pite älv. Det norske språkområdet er avgrensa «av Saltenfjorden i nord og Ranfjorden i sør, og omfattar Beiarn, Saltdal, Gildeskål, Meløy, Rødøy, deler av Bodø og deler av Fauske kommuner.»

I Bodø driv det pitesamiske senteret Duaddara ráfe med arbeid for å revitalisera pitesamisk språk og kultur. På 2010-talet byrja nokre nordmenn få opplæring i språket.

Pitesamisk: Samisk språk

Fonologi (lydlære)

Vokalar

Pitesamisk har i følgje Lehtiranta 1992 s. 74 det klassiske 5-vokalsystemenet (hos Lehtiranta notert som i, u, e, å, a):

  fremre midtre bakre
lukka i   u
halvopen ɛ   ɔ
open   ɑ  

I tillegg har pitesamisk fire lange vokalar, to av dei er diftongert (hos Lehtiranta notert som ie, uo, aa, åå):

  fremre midtre bakre
lukka  
halvopen     ɔ:
open   ɑ:  

Pitesamisk og umesamisk står i ei midtstilling mellom sør- og nordsamisk, i og med at begge desse har både det nordlege trekket stadieveksling og det sørlege trekket omlyd i større eller mindre grad.

Stadieveksling

Pitesamisk har til felles med lulesamisk og dei andre nabospråka i nord at konsonanten mellom rotvokalen og stammevokalen varierer mellom sterk og svak artikulasjon (såkalla stadieveksling) etter visse grammatiske reglar:

    nom.sg. guolle, ‘fisk’; akk.pl. guolijt ~ gulijt, ‘fiskane’

(Det same trekket finn vi att i den sørlege naboen umesamisk også, men der berre etter lang rotvokal. Sørsamisk manglar stadieveksling heilt.)

Omlyd

Sørlege dialektar av pitesamisk har til felles med nabospråka i sør, umesamisk og sørsamisk, at rotvokalen i mange fall skiftar etter endingsvokalen. Dette fenomenet kallar vi omlyd. Peter Steggo har sett opp ei matrise med i alt ni omlydsrekkjer og seks omlydssteg på pitesamisk. Vi kan oppsummere dette med å seie at:

  • dei korte, høge vokalane i og u er uendra framom alle endingsvokalar.
  • dei høge endingane -i/-ij og -u/-uj hevar alle korte vokalar til høge (a, i > i; å, u > u); og alle lange vokalar/diftongar òg, men ikkje nødvendigvis heilt til høge vokalar;
  • ved stadievekslingstrinn III blir diftongane ie og uo senka (ie > ä; uo > ua, uä) framom halvlåge og låge endingsvokalar.

I tabellform får vi da:

Lang rotvokal Kort rotvokal Endingsvokal
á ie uo åå a i u o  
III I–II III I–II            
á ä ie ua uo åå a i u å á a å o
e
ä e u i u i ij u uj

Merk at denne matrisa, som byggjer på Peter Steggo si matrise, manglar det korte vokalfonemet /e/ som er inkludert i det pitesamiske fonemsystemet som skildra av Lehtiranta.

Omlyd i norsk pitesamisk

Senking ved st. III

I Qvigstads oversiktsverk De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker (Oslo 1938) finn vi blant anna formene Fiewsajaw’rē (Kartverket: Fievsajávrre/Botnvatnet) ved Rognan i Saltdal kommune; og det underliggjande gardsnamnet Fæw’sa (stadium III) ved øverenden av dette vatnet. Tilsvarande har Qvigstad Dælbma (st. III; Kartverket: Dælmma / Tverråfjellet) i Beiarn kommune og den avleidde forma Dielmanjunnē på same staden. I desse namna — både frå Saltdal og frå Beiarn — har Qvigstad registrert veksling mellom æ i sterkt stadium (st. III) og ie i svakt stadium.

Heving føre -i og -u

Qvigstad har:

Suličælbma u-i Sulitjelma Fauske kommune

Vokalsystem

Morfologi (formlære)

Pitesamisk har ni ulike kasus, nominativ, akkusativ og genitiv, dei lokale illativ (‘inn i’), inessiv (‘inni’) og elativ (‘ut av’), og dei ikkje-lokale adverbiale komitativ (‘med’), essiv (‘som’) og abessiv (‘utan’). Kasusbøyinga går fram av paradigmet for juällge ‘fot’, räjjdo ‘arbeidsreidskap’ og namma ‘namn’:

Kasus -ie (sg) -ie (pl) -uo (sg) -uo (pl) -a (sg) -a (pl)
Nom juällge juolge räjjdo riejdo namma nama
Akk juolgev julgijt riejdov riejduojt namav namajt
Gen juolge julgij riejdo riejdoj nama namaj
Ill juallgáj julgijda rejduj riejdojda nammaj namajda
Ine juolgen julgijn riejdon riejduojn naman namajn
Ela juolgest julgijst riejdost riejduojst namast namajst
Kom julgijn(a) julgij rejdujn(a) riejdoj namajn(a) namaj
Ess juällgen räjjdon namman
Abe juolgedak riejdodak namadak

Som det går fram av paradigmet, har pitesamisk stadieveksling og omlyd. Omlyden er mindre gjennomført lengst nord.

Pitesamiske verb blir bøygd i tre personar, to tempora, tre tal og fire modi. Nektingsverbet blir bøygd i tempus.

Skriftspråk

I 2014 kom A grammar of Pite Saami av Joshua Wilbur, 2015 kom Pitesamisk grammatik av Ann-Charlotte Sjaggo og i 2016 Pitesamisk ordbok, frå skriftserien Samica. Det offisielle skriftspråket som pitesamisk har hatt siden 2019. byggjer på desse tidligere arbeid om pitesamisk grammatikk, ordforråd og ortografi.

Kjelder

Fotnotar

Bibliografi

Litteratur

  • Halász Ignácz: Lapponica, 1, Sprachtexte im schwedisch-lappischen Dialecte der Lule- und Pite-lappmark : gesammelt und zum Teil mit ungarischer Übersetzung, sowie einem lappisch-ungarisch und deutschen Glossar. Budapest : [s.n.], 1885. [Separatabdruck aus B. 19, der von der Ungar. Akademie d. w. herausgegebenen Zeitschrift “Nyelvtudományi közlemények”
  • Halász Ignácz (1893). Svéd-lapp nyelv, 5, A Pite-lappmark Arjepluogi egyházkerületéből. Budapest: Kiadja a Magyar Tudományos Akadémia. 
  • Halász Ignácz (1896). Svéd-lapp nyelv. VI. Pite lappmarki szótár és nyelvtan rövid karesuandói lapp szójegyzékkel. (PDF). Budapest: Kiadja a Magyar Tudományos Akadémia. 
  • Lagercrantz, Eliel: Sprachlehre des Westlappischen nach der Mundart von Arjeplog. Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura, 1926, ISSN 0355-0230.
  • Lehtiranta, Juhani: Arjeploginsaamen äänne- ja taivutusopin pääpiirteet. Helsinki: Suomalais-ugrilainen seura, 1992, ISBN 951-9403-55-8.
  • Ruong, Israel: Lappische Verbalableitung dargestellt auf Grundlage des Pitelappischen. (Uppsala universitets årsskrift; 1943:10)
  • Wilbur, Joshua (red.), 2016. Pitesamisk ordbok : samt stavningsregler, Samica 2. Freiburg: Universität Freiburg.
  • Wilbur, Joshua 2014: A grammar of Pite Saami. Studies in Diversity Linguistics 5. Berlin: Language Science Press.

Bakgrunnsstoff

Tags:

Pitesamisk UtbreiingPitesamisk GrammatikkPitesamiskArjeplogArvidsjaurPite älvSamiske språkSverigeUralske språk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Musikkgruppa The ViewEdderkoppar i kulturenArja SaijonmaaAsgeir BorgemoenJoe BidenLeksikonAréthousaBekardarIndre KvarøyNorske dialektarJohnny «Guitar» WatsonTheodor HerzlRebbie JacksonHans RotmoLangt undertøyLinköpingKaspihavetKoparslagararLangadásSimpsonsBrennverdiGjelleMari MaurstadBisfenol ACarl Fredrik HillAnatomiske muskelskildringarNord-AmerikaSauChristianiaG20HTMLKlippedomenGråorArgentinaMarmaBassistSaltRonnie WoodGlen HardinIndonesiaRimNordvestøyaneGabriel PimbaAlanis MorissetteQ.E.D.Lappland i FinlandSabbatLene Alexandra ØienApollo 11Sosiale mediumIrakSergej EisensteinRogaland fylkeNorwegian WoodIndonesisk27-årsklubbenSolgangsbrisTor Åge BringsværdGåsDet norske alfabetetEli RyggSportsklubben Gjøvik-LynLuciano PavarottiUrokseErik AndersenHenrik II av EnglandBergen kommuneSystem of a DownHaikuFilmserien Harry PotterAdventure Time-episodarNederlandskHaakon Lie🡆 More