62°57′18.522″N 15°2′37.997″E / 62.95514500°N 15.04388806°E / 62.95514500; 15.04388806 Pilgrimstad er ein svensk tettstad i Bräcke kommun i Jämtlands län i landskapet Jämtland.
Han ligg ved den nordvestre enden av Revsundssjön, ca. 30 km søraust for Östersund. I 2005 hadde tettstaden 405 innbyggjarar.
Pilgrimstad ligg ved E14 mellom Sundsvall og Östersund. Staden har fått namn etter pilegrimane som på veg til grava til Olav den heilage i Nidaros (Trondheim) stoppa ved pilegrimskjelda og drakk av det reine vatnet.
Tettstaden Pilgrimstad voks opp omkring eit sagbruk som blei bygd i 1905. Dette blei i 1952 erstatta av ein sponplatefabrikk. Eigar var skogsselskapet Bergvik och Ala. Fabrikken blei nedlagt i 1986, og i fabrikklokala er det i dag etablert fleire mindre verksemder, mellom anna ein husfabrikk og eit mikrobryggeri, Jämtlands Bryggeri.
Sponplatefabrikken i Pilgrimstad blei kjend som den siste industriverksemda Olof Palme vitja før han blei drepen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pilgrimstad, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.