Petra Felke

Petra Felke (fødd 30.

juli">30. juli 1959) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Saalfeld/Saale i Thüringen som tevla for Aust-Tyskland i spydkast. Ho vart olympisk meister i øvinga i 1988 og sette tre verdsrekordar.

Petra Felke
Petra Felke
Statsborgarskap Den tyske demokratiske republikken, Tyskland
Fødd 30. juli 1959 (64 år)
Saalfeld/Saale
Yrke friidrettsutøvar, spydkastar
Språk tysk
Høgd 172 centimeter
Petra Felke på Commons

Aktiv

Felke vann spydkasttevlinga under universiaden 1981 i Bucuresti. I 1984 vann ho den fyrste av seks strake nasjonale meistertitlar i spydkast. Etter som Aust-Tyskland boikotta sommarleikane 1984 i Los Angeles deltok ho ikkje OL.

Under eit stemne i Schwerin den 4. juni 1985 forbetra Felke verdsrekorden i spydkast til fyrst 75,26 m og sidan til 75,40 m. Året etter tok ho sølvmedaljen i EM i friidrett 1986 med 72,52 m, der britiske Fatima Whitbread i sitt livs form tok sigeren med 76,32 m i finalen, dagen etter ho hadde teke over verdsrekorden med 77,44 m i kvalifiseringa.

Felke tok tilbake verdsrekorden den 29. juli 1987 i Leipzig med eit kast på 78,90 meter. Ho var likevel sjanselaus mot Whitbread i friidretts-VM fem veker seinare; Whitbread vann gullet med 76,64 m, Felke fekk sølv med 71,76 m.

9. september 1988 vart Felke den fyrste kvinna til å kaste spydet 80 meter, rekordkastet i Potsdam målte nøyaktig 80,00 meter. Under sommar-OL 1988 i Seoul vann Felke gullmedaljen (74,68 m) framom Fatima Whitbread (70,32 m), medan bronsemedaljen gjekk til Beate Koch (67,30 m), også ho frå Aust-Tyskland.

Under friidretts-EM 1990 i Split fekk Felke bronsemedaljen på 66,56 m, slått med ein meter av si landskvinne Karen Forkel som tok sølv, og ytterlegare tolv centimeter av europameisteren, Päivi Alafrantti frå Finland. Året etter, i 1991, måtte Felke i Tokyo sjå seg slått med ti centimeter i kampen om gullmedaljen under VM i friidrett 1991. Xu Demei frå Kina kasta spydet 68,78 m, Felke 68,68 m.

Kjelder

Tags:

195930. juliAust-TysklandFriidrettSaalfeld/SaaleThüringenTyskland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TørkeSilvestre y La NaranjaKinagrasGrønlandKrøllparentesSouth LanarkshireDen gamle verdaVolda kommuneMeirOprah WinfreyWiki CommonsPhilip Seymour HoffmanUSABiePanterOsteoporoseGramTutankhamonHolbækSkandinaviaFriluftslivDisney Channel SkandinaviaTeltIvar Lo-JohanssonSamisk historieKabaSkigardsviseMoteDet nederlandske koloniriketLokeRimOslo kommuneFacesLeksikonFredrik Solvang8. aprilDrivhusgassLuganoBrohlbachElbaVerdas landStore norske leksikonGotlandMarianne Sivertsen NæssVerkstadCamilla CollettOlav V av NoregAsk330 skvadronDanmark2016Canon EOS 250DNykøbing MorsNynorskØrnDet tredje riketIranNorskAstrid LindgrenAlaskaFree Fallin'FrankararMahatma GandhiIndia2024I Dovregubbens hallKattParadise and LunchElektrostatisk generatorPlaneten MarsEnrico CarusoVerktøyet filMøre og Romsdal fylkeRakia🡆 More