Peter Andreas Egge (1.
april">1. april 1869–15. juli 1959) var ein norsk forfattar.
Peter Egge | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 1. april 1869 Trondheim |
Død | 15. juli 1959 (90 år) |
Yrke | skribent, journalist |
Born | Ørnulf Egge |
Peter Egge på Commons |
Foreldra til Peter Egge flytta til Trondheim frå Nord-Trøndelag, og faren, Olaus Egge, dreiv vognmannforretning i Dronningens gate. Peter var den nest eldste av ni sysken. Han byrja tidleg å skrive og verka i ein periode som journalist mellom anna i det radikale magasinet Den nye Tid og i Dagsposten. I 1891 debuterte han med romanen Almue (ei forteljing med same tittel hadde han fått prenta i bladet Fædrelandet i 1887). Knut Hamsun hjelpte Egge med å få i stand denne utgjevinga.
I 1897 gifta Egge seg med Anna Svendsen og flytta snart til Kristiania. Han budde aldri fast i heimfylket etter dette. Egge var aktiv i Den norske forfatterforening i lang tid, mellom anna som formann i perioden 1913-1916 og i 1935.
Peter Egge skreiv både kortare forteljingar og drama, men det er særleg romanane sine han er kjend for i dag. Fleire av desse har Trondheim eller Trøndelag som miljø og skodeplass, og flytting frå landsbygd til by er eit motiv som går att i ulike variantar.
I 1916 vart Egge tildelt Statens kunstnarløn. Han fekk Gyldendals legat i 1935.
I fødebyen Trondheim har Peter Egge fått både ein plass og ein veg oppkalla etter seg. Det finst dessutan ein Peter Egges vei i Bodø og ei Peter Egges gate i Steinkjer.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Peter Egge, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.