Personnamn er namn som viser til ein enkeltperson.
Omgrepet kan visa til berre det personlege namnet, som me på norsk gjerne kallar førenamn, eller til det fullstendige namnet som kjenneteiknar ein person, og som ofte inneheld fleire namn i tillegg, som tilnamn, slektsnamn, klansnamn, patronymikon og metronymikon.
Personnamn kan fortelja noko om kven ein er, til dømes om ein er mann eller kvinne, og kven ein høyrer til. Det kan òg brukast til å symbolisera ein person, som i ein signatur. Å nekta nokon eit slikt namn kan oppfattast som at ein nektar dei personverd eller individualitet, og er mellom anna ofte blitt gjort i konsentrasjons- og fangeleirar.
Eit personnamn blir som regel gjeve til ungar kort tid etter fødselen, gjerne ved ein namngjevingsseremoni som dåp. Det kan endrast ved viktige høve, som ved overgangen frå barn til vaksen, når ein gifter seg eller får barn.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Personnamn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.