Per Willy Guttormsen: Norsk skeiseløpar

Per Willy Guttormsen (fødd 11.

juni 1942) er ein norsk tidlegare skeiseløpar frå Narvik som i 1968 sette verdsrekord på 10 000 meter med tida 15.16,1. Han var medlem av Arbeidernes Skøyteklubb i Oslo.

Per Willy Guttormsen
Per Willy Guttormsen: Norsk skeiseløpar
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. juni 1942 (81 år)
Narvik
Yrke skøyteløpar
Høgd 170 centimeter
Per Willy Guttormsen på Commons

Guttormsen flytta til Oslo allereie 15 år gammal og var aktiv med sykling og skeiseløp. Langdistansespesialisten, med tilnamnet «Bettong», markerte seg i noregseliten på skeiser med sjetteplass i NM 1964 og fekk høve til å delta i firkamp-VM 1964, der han overraska med å gå inn til ein ny sjetteplass. I 1966 kom han på fjerdeplass ved skeise-NM i Drammen. Ved firkamp-VM i Göteborg ein månad seinare overraska han endå ein gong, då han vart nummer fire og beste nordmann. Året etter enda han på sjuandeplass i firkamp-VM 1967 på Bislett stadion.

OL-sesongen 1968 var Guttormsen i sitt livs beste form. Ved noregsmeisterskapen 1968 kom han i mål til tredjeplass, einast dei internasjonale toppløparane Magne Thomassen og Fred Anton Maier, skeisa fortare. Etter å ha vorte høvesvis numer sju og ni i EM og firkamp-VM, var Guttormsen ein klar medaljekandidat på landistansane i Vinter-OL i Grenoble. Men han måtte nøye seg med to fjerdeplassar. På tampen av Ol-sesongen, den 10. mars 1968, forbetra han i tyske Inzell verdsrekorden på 10 000 med vel fire sekundar til 15.16,1.

I 1969 kom Guttormsen i mål til ein åttandeplass i firkamp-VM. To år seinare sikra han seg fjerdeplassen i NM, før han under EM 1971 i Heerenveen vann sin einaste internasjonale distansesiger då han kleiv til topps på 10 000 m og enda på sjuandeplass i meisterskapen. I sin siste sesong vart han nummer elleve på 10 000 m under Vinter-OL 1972 i Sapporo.

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.

Tags:

11. juni1942Arbeidernes SkøyteklubbNarvikOslo

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VisentMichael JacksonSibirSamisk kulturUN-nummerMerima Maja BrkicGulerleNorsk ytre språkhistorieNasjonaldraktSlaget ved SvolderLand i Eurovision Song ContestKåre MartinsenMistralvindAtomTsjadSymbol i hinduismenMegawattPålemakkVladimir LeninSgt. Pepper’s Lonely Hearts Club BandVM i fotball 2022HellasDet polske flaggetTigerBrønnøymålMidsommarAli Baba og dei førti røvaraneKetsalarSergej EisensteinGåsStrandDanmarkAmitav GhoshPiSamiske språkHosangerFase-arrangert antenneDen store depresjonenSolveig GulbrandsenØrsta kommuneJarle TråWayback MachineSamvirkelagSjivaOla Honningdal GryttenEvangerArabiskErik AndersenBærum kommuneJørn Lier HorstBølgjeNedslagskraterMik KaminskiVictoria av StorbritanniaHol kommuneNår vi døde vågnerBergen kommuneTsjekkia972 CohniaSkotsk musikkRokadeEirik RaudeBritiske monarkarAkslaOrlogsfartøyMargrethe II av DanmarkBoom Boom av EmmyCounty Commercial Cars LimitedIvar AasenCelsiusDadaismeDag HammarskjöldVulvaKon-Tiki-ekspedisjonenAfrikansk mat🡆 More