Per: Mannsnamn

Per er ei nordisk form av mannsnamnet Peter med opphav i det greske Petros, som tyder 'stein' eller 'klippe'.

Per er også ein bretonsk variant av det franske namnet Pierre, som har same opphav. Per har namnedag den 29. juni i Noreg og Finland og 1. august i Sverige.

Per: Kjende namneberarar, Kjelder
Peer Gynt. Illustrasjon av Peter Nicolai Arbo.

Det nordiske namnet er utvikla frå den gamle svenske forma av Peter, Pädher (sjå Peder). Andre skrivemåtar for namnet er Pehr, Peer eller Pär.

Per er eit svært vanleg namn i Noreg, Sverige og Danmark. I 2006 var Per det nest mest brukte mannsnamnet i Noreg og det tredje mest brukte personnamnet uavhengig av kjønn, etter Anne og Jan.

Per er opphav til patronym-etternamn som Persen, Person og Persson. Sjølv om Per er eit særs vanleg førenamn i Noreg er ikkje Persen eit på langt nær like utbreidd etternamn. Dette fordi Peder, og ikkje Per, var den vanlege forma av namnet då overgangen frå patronymikon til etternamn kom. Pedersen er difor eit vanleg norsk etternamn. Mange av dei som heiter Persen i Noreg har samisk opphav.

Som personnamn er Per ofte brukt samansett med andre førenamn. Dei vanlegaste kombinasjonane var i 2005 Per Arne/Per-Arne, Per Kristian/Per Christian, Per Olav, Per Erik/Per-Erik og Per Gunnar.

Kjende namneberarar

  • Per Sivle (1857–1904), norsk forfattar
  • Pehr Evind Svinhufvud (1861–1944), finsk advokat og Finlands president 1931–1937
  • Pär Lagerkvist (1861–1974), svensk forfattar og Nobelpris-vinnar
  • Per Albin Hansson (1885–1946), svensk statsminister 1932–1946
  • Per Aabel (1902–1999), norsk skodespelar
  • Per Høst (1907–1971), norsk zoolog og føregangsmann for norsk dokumentarfilm
  • Per Borten (1913–2005), norsk statsminister 1965–1971
  • Per Jorsett (1920–), norsk sportsjournalist
  • Per Hansson (1922–1982), norsk forfattar
  • Per Olof Sundman (1922–1992), svensk forfattar
  • Per Kleppe (1923–), norsk handels- og skipsfartsminister 1971–1972, finansminister 1973–1979
  • Per Wahlöö (1926–1975), svensk krimforfattar, kjent for serien om Martin Beck
  • Per Asplin (1928–1996), norsk skodespelar og revyartist
  • Per Lønning (1928–), biskop av Borg 1969–1975, biskop av Bjørgvin 1987–1994
  • Per Øyvind Heradstveit (1932-2004), NRK-journalist
  • Per Ung (1933–), norsk kunstnar
  • Per Olov Enquist (1934–), svensk forfattar
  • Pehr G. Gyllenhammar (1935–), svensk forretningsmann
  • Per Christian Jersild, (1935–), svensk forfattar, best kjent som P.C. Jersild
  • Per Spook (1939–), norsk moteskapar og klesdesignar
  • Per Fugelli (1943-), norsk medisinprofessor
  • Per Oskar Kjølaas (1948-), norsk biskop
  • Per Arne Dahl (1950-), norsk prest
  • Per-Kristian Foss (1950-), norsk politikar (H)
  • Per Oddvar Hildre (1950-), norsk dirigent
  • Per Petterson (1952–), norsk forfattar
  • Per Inge Torkelsen (1953-), norsk komikar
  • Per Olaf Lundteigen (1953-), norsk politikar
  • Per Eide (1954–), norsk fotograf
  • Per Bergerud (1956–), norsk skihoppar
  • Per Håkan Gessle (1959–), svensk songar og komponist
  • Per-Mathias Høgmo (1959–), norsk fotballtrenar
  • Per Natrud Bergersen (1960–1990), norsk songar og låtskrivar
  • Per Sundnes (1966-), norsk programleiar
  • Peer Osmundsvaag (1971–), norsk DJ, betre kjent som DJ Peer

Oppdikta personar

  • Per, eldste bror til eventyrfiguren Espen Askeladd
  • Peer Gynt i Ibsen sitt skodespel av same namn
  • Per Ulv, teiknefilmfigur som jaktar på Bippe Stankelbein

Annan bruk av navmet

  • Pehr Ugland, konjakk og bark
  • Ekstremvêret Per, eit kraftig uvær som ramma Sverige og Noreg i januar 2007

Kjelder

Tags:

Per Kjende namneberararPer KjelderPer1. august29. juniBretonskMannsnamnNordenPeter

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Christiania23. aprilMegawattObtestVerdas skriftsystemHepatitt C-virusNorrøntKornAlfred MaurstadSpesifikk varmekapasitetEdderkoppar i kulturenFilmserien Harry PotterVerdas bokdagRepublikkBo WiderbergFrankrikeLemmingNatriumkloridUniversity of FloridaBZFlagØrnAdei AdÁrakhthos i ÁrtaDompapHarvey MandelSamisk språkhistoriePave Johannes Paul IHardy-gutteneManuel Isidoro BelzuDet skeive tårnet i PisaMøteplassNo-dramaMartha SkrettebergBoge i arkitekturenTeknologiImperialismeSjakkMichael TetzschnerMogopRolf KjødeNettrollSagaen om IsfolketDiktIlta-SanomatKjønnscelleAmalie SkramNangijalaCanadaHalloHellerman RocksUnicornStorfuglVerdas landAust-Makedonía og ThrákiPeriferieininga PrévezaSexyA Collection of Great Dance SongsInformasjonsteknologiNorrøn tidJantelovenAnatolij FirsovTuonelaOslo kommuneFilmen EllingNorsk Barneblads ForlagAustraliaWehrmachtKelly ClarksonAmasoneMariann Vestbøstad MarthinsenOrbitalReligiøse debattar om Harry Potter-serienLuganoThomas JeffersonBruno Coutinho🡆 More