Peggy Anita Hessen Følsvik (fødd 12.
november">12. november 1960) er ein norsk fagforeiningsleiar som sidan mars 2021 har vore leiar av LO.
Peggy Anita Hessen Følsvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. november 1960 (63 år) Vigra |
Yrke | fagforeiningsleiar |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Peggy Anita Hessen Følsvik på Commons |
Ho vart vald til 1. nestleiar i LO på LO-kongressen i 2017. Ho vart fyrst konstituert som leiar etter at dåverande LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen døydde brått. Følsvik vart seinare valt til å leia organisasjonen fram til 2025.
Følsvik voks opp på eit småbruk på Vigra ved Ålesund. Ho viste lita interesse for gardsarbeid og fekk sumarjobb på Ålesund lufthamn, Vigra, og melde seg samstundes inn i fagforeininga Handel og Kontor. Ho fór så til Volda, der ho byrja på engelsklinja ved Volda vidaregåande skule og fekk deltidjobb ved flyplassen på Hovden. Ho fekk dinest jobb som kabinpersonale i Widerøes Flyveselskap, før ho flytta med sin komande ektemann til Nederland.
Dei flytta dinest heim til Bærum, Noreg. Følsvik fekk jobb i Braathens SAFE, der ho vart heiltidstillitsvald i 1998. I 2001 vart ho sentral i kampen for rettane til dei tilsette, då Braathens SAFE vart kjøpt opp av SAS. Igjennom fleire års arbeid i rettssystemet med tap i både tingretten og lagmannsretten vann LO fram, då saka vart ført for Høgsterett. Den 31. januar 2006 vann LO fram etter ein samrøystes dom.
Følsvik var under tida valt til nestleiar i Handel og Kontor i Noreg i 2004 og var 1. sekretær i LO frå 2013 til 2017. I perioden mellom 2017 og 2021 var Følsvik fyrste nestleiar i LO. I 2017 vart ho valt som nestleiar i LO med Hans-Christian Gabrielsen som leiar. Etter at Gabrielsen døydde i 2021, har ho leia LO.
Følsvik er gift med Håvard Garseth, CEO i Aker Energy. Dei er busette i Bærum og har to vaksne døtrer.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Peggy Anita Hessen Følsvik, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.