I Got the News
Peg Singel av Steely Dan frå albumet Aja | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1977 | |
Innspelt | 1977 | |
Sjanger | Jazzrock | |
Lengd | 3:57 | |
Selskap | ABC | |
Tekstforfattar | Donald Fagen | |
Låtskrivar(ar) | Walter Becker, Donald Fagen | |
Produsent | Gary Katz | |
Steely Dan-kronologi | ||
«Haitian Divorce» (1976) | Peg | «Deacon Blues» (1977)
|
«Peg» er ein song av det amerikanske jazzrockbandet Steely Dan, først gjeven ut i 1977 på albumet Aja. Songen kom ut på singel i 1977 og nådde 11. plassen på den amerikanske Billboard-lista i 1978 og åttandeplassen på Cash Box-lista. Han låg 19 veker inne på lista, like lenge som «Rikki Don't Lose That Number» og «Hey Nineteen», to andre singlar av Steely Dan. I Canada låg «Peg» tre veker på sjuandeplassen i mars 1978.
AllMusic-kritikaren Stephen Thomas Erlewine skildra «Peg» som «solskins-pop» med «lag av jazza vokalharmoniar», medan musikkeksperten Stephen K. Valdez kalla det ein blanding av jazz og rock.
Det var fleire studiogitaristar som prøvde seg på gitarsoloen, inkludert Robben Ford og Larry Carlton, før det vart versjonen til Jay Graydon som vart nytta til slutt. Han arbeidde på songen i kring seks timar før bandet var nøgd.
Michael McDonald syng korvokal på refrenget og ein kan høyre klaverspelaren Paul Griffin snakke og improvisere korvokal på det siste refrenget og uttoninga av songen.
Pitchfork kåra «Peg» til den 87. beste songen frå 1970-åra, og skildra det som «den perfekte Steely Dan-songen og ein av dei raraste hittane som nokon gong har nådd så høgt.» Trommeslagaren Rick Marotta meinte «Peg» var ein av dei beste songane han nokon gong hadde spelt på.
«Peg» vart kraftig sampla i 1989 på De La Soul-songen «Eye Know». I 2007 vart songen spelt av Nerina Pallot og i 2014 av Donny Osmond.
Vekeslister
| Årslister
|
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Peg av Steely Dan, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.