Parma: Kommune i Italia

Parma er ein by i Italia.

Han er hovudstad i provinsen Parma i regionen Emilia-Romagna og har om lag 180 000 innbyggjarar. Byen er kjend for arkitekturen og den flotte landsbygda rundt. Universitetet i Parma ligg i byen, eit av dei eldste universiteta i Italia.

Parma
Piazza Garibaldi i Parma
Piazza Garibaldi i Parma
Piazza Garibaldi i Parma
Byvåpenet til Parma
Byvåpenet til Parma
Plassering
Parma is located in Italia
Parma: Kommune i Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Emilia-Romagna
Parma
Geografi
Flatevidd
 - By

260 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

177 069
  676/km²
Koordinatar 44°48′N 10°20′E / 44.800°N 10.333°E / 44.800; 10.333
Høgd over havet 55 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 43100
Telefon-retningsnummer 0521
Nettstad: www.comune.parma.it

Parma er delt inn i to delar av den litle elva med same namn. Den italienske diktaren Attilio Bertolucci (fødd i ei grend like utanfor) skreiv: «Som hovudstadsby måtte han ha ei elv. Som ein liten hovudstad fekk han ei lita elv, som ofte er tørr.»

Historie

Byen vart truleg grunnlagd av etruskarar. Romarane grunnla ein koloni her i 183 fvt. i lag med Modena. Parma var eit trafikknutepunkt ved Via Aemilia og Via Claudia. Han hadde eit forum, som i dag er den sentrale Garibaldi-plassen. I 44 fvt. vart byen øydelagd og August bygde han opp att. Under Romarriket fekk han tittelen Julia for lojaliteten han viste til keisaren.

Byen vart plyndra av Attila og seinare gjeve av barbararkongen Odoacer til venene sine. Under den gotiske krigen øydela derimot Totila byen. Han vart så ein del av det austromerske eksarkatet Ravenna og endra namn til Chrysopolis, «Gullbyen», truleg sidan skatten til hæren låg her. Frå 569 kom han under langobardane. I mellomalderen var Parma ein viktig stad langs Via Francigena, hovudvegen frå Roma til Nord-Europa, og fleire borger, hospital og gjestgjevarstad vart bygd for å ta imot dei mange pilegrimane.

Parma: Kommune i Italia 
Piazza della Pace med Farnese-familien sitt Palazzo della Pilotta.

Under frankarane vart Parma hovudstad i eit grevskap (774). Som dei fleste byane i Nord-Italia var han formelt ein del av Det tysk-romerske riket, oppretta av Karl den store, men lokalt vart han styrt av biskopane og den første av desse var Guidobus. I dei påfølgjande kampane mellom Kyrkjestaten og Keisarriket heldt Parma seg stort sett på keisaren si side. To av biskopane i byen vart motpavar: Càdalo, som grunnla domkyrkja vart Honorius II, og Guibert vart Clement III. Ein nesten sjølvstendig kommune vart oppretta rundt 1140. Etter freden i Konstanz (1183) vart stridane med nabokommunane Reggio Emilia, Piacenza og Cremona hardare og målet var kontroll over handelsruta i Podalen.

Byen var ein del av striden mellom Welf og Ghibellini. Etter å ha stått på keisaren si side i lang tid, fekk papistfamilane i byen kontroll i 1248. Byen vart så omleira av keisar Fredrik II, som vart knust i slaget som følgde.

Parma kom inn under Milano i 1341. Etter ein kort periode med sjølvstende under Terzi-familien (1404-1409) tok Sforza over styret (1440-1449) gjennom dei tilknytte familiane Pallavicino, Rossi, Sanvitale og Da Correggio. Desse oppretta ein slags ny føydalisme og bygde tårn og borger i byen og landområda rundt. Desse lena utvikla seg til sjølvstendige statar. Landa styrte den øvre Tarodalen frå 1257 til 1682. Lensherrevelde Pallavicino strekte seg utover den austlege delen av dagens provinsen Parma med hovudstad i Busseto. Parma var eit unntak i Nord-Italia sidan den føydale inndelinga heldt fram til nyare tid. Til dømes var Solignano eigedomen til Pallavicino-familien fram til 1805 og San Secondo høyrte til familien Rossi langt ut på 1800-talet.

Parma: Kommune i Italia 
Parma på 1400-talet.

Mellom 1300- og 1400-talet var Parma senteret i dei italienske krigane. Slaget ved Fornovo vart utkjempa i nærleiken. Franskmennene okkuperte byen 1500-1521 og i korte stunder under paven i 1512-1515. Etter at utlendingane var kasta ut høyrte Parma til Kyrkjestaten fram til 1545.

Dette året gav pave Paul III, Parma og Piacenza som eit hertugdøme til den uekte sonen sin Pier Luigi Farnese, og etterkomarane hans styrte byen fram til 1731, då Antonio Farnese (1679-1731), den siste mannlege arvingen i Farnese-linja døydde. Staten vart så tatt av Ottavio II Farnese (1547-1586). Han renoverte òg bystrukturen for å skape ein verkeleg hovudstad i det litle, men velståande, riket sitt.

I 1731 vart det kombinerte Hertugdømet Parma og Piacenza gjeve til Huset Bourbon i ei diplomatisk omflytting av dei europeiske dynastia i Italia. Under dei nye herskarane vart det ei nedgangstid i byen. I 1734 vart alle dei flotte kunstsamlingane i hertugpalassa i Parma, Colorno og Sala Baganza, flytta til Napoli.

Parma var under fransk påverknad etter freden i Aachen (1748). Parma vart ein moderne stat med den energiske handlingskrafta til statsminister Guillaume du Tillot. Han la grunnlaget for ein moderne industri og kjempa mot kyrkja sine privilegium. Byen opplevde ein stordomsperiode og det palatinske biblioteket, det arkeologiske museet, biletgalleri og den botaniske hagen vart oppretta.

Under napoleonskrigane (1802-1814) vart Parma ein del av ddet franske departementet Taro.

Etter Wienerkongressen i 1814-15 hadde framgangen til Risorgimento liten påverknad i det rolege hertugdømet. I 1847, etter Marie Louise av Parma døydde, gjekk byen igjen tilbake til Bourbon. Den siste i familien vart knivdrepen i byen, som vart overlaten til enka, Luisa Maria av Berry. 15. september 1859 vart dynastiet avsett og Parma vart ein del av den nyoppretta provinsen Emilia under Carlo Farini. Etter ei folkeavstemming i 1860 vart det tidlegare hertugdømet ein del av Kongedømet Italia.

I tida etter følgde ei nedgangstid og ein samfunnskrise i Parma. Det byrja å gå oppover att for byen då industrien vart utvikla då dei fekk samband til Piacenza og Bologna i 1859, og til Fornovo og Suzzara i 1883. Fagforeininga stod sterkt i byen og frå 1. mai til 6. juni 1908 var det streik. Kampen mot fascismen nådde eit dramatisk punkt i august 1922, då regimeoffiseren Italo Balbo prøvde å gå inn i eit populær bydel. Innbyggjarane organiserte seg i Arditi del Popolo («Folkets overfallsmenn») og pressa tilbake squadristien. Denne episoden vert rekna som det første dømet på motstandsrørsle i Italia.

I den andre verdskrigen var Parma eit sterkt senter for motstandsrørsla. Området rundt togstasjonen vart bombardert av dei allierte våren 1944, men Parma fekk ikkje særleg store øydeleggingar under krigen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Parma: Kommune i Italia  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Parma
Parma: Kommune i Italia  Reiseguide for Parma frå Wikivoyage

Tags:

Emilia-RomagnaItaliaProvinsen ParmaRegionar i Italia

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Verdscupen i skihopping 2009Netiporn SanesangkhomRaufossEinar FørdeTjeldLStilarkHenrik IbsenMarokkoBerlinblokadenJomfru MariaCystisk fibroseRustdespotMiddelhavetSteve MillerTriandriáFilchner-Ronne-isenKyprosBenjamin Netanyahu12 StonesMaiken Caspersen FallaDorgThérmiJanneEddiksyreVoss heradWehrmachtGotlandMusikkgruppa GåteLiv GulbrandsenNederlandskAnne LindmoBergenDub-poesiVåren av Aasmund Olavsson VinjeDet ukrainske skjoldetYankeePetter HugstedHarvey MandelBlåmannVM i alpine greiner 2019Jarle TråSerena WilliamsRebbie JacksonTeknologiDavid CameronAustgotararLibanonParaskevi PatoulidouDrudkhLokeAmund SkiriCarles PuigdemontGoogle MapsBagdadBermudariggEuropaBelgicafjellaRaudstrupePotetmjølKjærleikThe Rime of the Ancient MarinerRugdeOsloHenry David ThoreauTranskjønnHardy-gutteneDen gamle verdaNederlandTaakeLinn UllmannHanne ØrstavikKuppHarald EiaApollo 11Lars BergerSundborn🡆 More