Pampas

Pampas (gjennom spansk frå quechua, 'slette') er namnet på eit tørt, grasdekt sletteområde i Sør-Amerika.

Pampasen ligg hovudsakleg i Argentina mellom Rio Negro, Atlanterhavet, munningen av La Plata, Rio Paraná og Chaco, men strekkjer seg også inn i Uruguay og i Rio Grande do Sul i Brasil.

Pampas
Utbreiinga av pampasen i Sør-Amerika.
Pampas
Pampas i Rio Grande do Sul.
Foto: Alex Pereira
Pampas
Typisk pampas
Foto: Ulfl

Pampaslandet er gammal havbotn som blei heva i tertiærtida og dekt av veldige elveavleiringar. Oppå desse blei det tilført løsslag av steppevindane. Dei øvste delane av pampasen er rikt innsette med humus og er dermed svært fruktbare. Overflata er jamn og klimaet mildt. Årleg nedbør er på rundt 500–900 mm og er størst ved kysten. Vintrane er tørre og har ein månadstemperatur mellom 8 og 25 °C.

Pampasen er eit økonomisk kjerneområde for Argentina. Både klima og jordsmonn passar godt for vekstar som kveite, mais, lin, soyabønner, potet og vindruer. Kveghald er også viktig. Ein held store flokkar som tradisjonelt blir gjeta av gauchoar, og har stor kjøtproduksjon.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Pampas  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Pampas

Kjelder

Tags:

ArgentinaAtlanterhavetBrasilChacoGrasQuechuaRio Grande do SulSletteSør-AmerikaUruguay

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

TwitterMøre og Romsdal fylkeManuel Isidoro BelzuFreddie MercuryAndrej KrautsjankaKapitalismeKulturindustrienDen sørlege vasslangenStrategispelZoologiNew ZealandForelskingKanye WestHumlerGrunnstoffliste etter atomnummerThomas JeffersonKvenerDet osmanske riketBroccoliniSionismeCoca-ColaEddadiktSamanlikning av jødedommen og kristendommenDet tredje riketSunnhordlandsdialektKristoffer ColumbusAustralopithecusMetanolElizabeth II av StorbritanniaMiddelhavetRimTenaza PeakMolde kommuneTrond Fausa AurvågMeråkerEtanKvartalKaliumnitratStrilBrenselcelleA4Hellerman RocksOdd NerdrumScrabbleDesta Marie BeederGrenadaHTMLByar i HellasSerious Hits… Live!8. aprilArtemisChristianiaIltalehtiAristoteles2002Jerry DouglasBrusselSamisk kulturVestleg kampkunstDu FuLiechtensteinHilde LyrånVegard UlvangBrasilNorske dialektarSiderAkslaBo WiderbergJavier CulsonSinaihalvøyaTorgeir Knag FylkesnesNynorskHenrik II av EnglandSandnessjøenÅkerbærEmma WatsonØ🡆 More