Påskekylling er ein kylling brukt som symbol og pynt i samband med påsken.
Som påskeegg er kyllingar eit symbol på grøderikdom og nytt liv, både innan heidensk og kristen tradisjon. Kyllingar er også eit vårteikn ettersom både egg- og kyllingproduksjon tidlegare gjerne stoppa opp om vinteren.
Kyllingar, høns og hanar har vore vanlege motiv på påskekort på heile 1900-talet. Ein kan avbilda naturlege eller meir menneskeleggjorte kyllingar.
Mange bruker også kyllingar som påskepynt. Dei kan til dømes vera laga av garn, stoff, fiber, piperensarar eller ståltråd med gult syntetisk fiber som dun.
Ein kan også markera påsken med levande kyllingar. Nokre klekker ut kyllingar til påsken, til dømes som eit barnehageprosjekt eller til ein besøksgard. Mange slike gardar og ein del utandørsmuseum feirar påske med mellom anna levande kyllingar.
Andre gjev kyllingar som gåve til born. Nokre stader farger ein tilmed kyllingane slik at dei skal bli like fargerike som påskeegga. Skikken med å behandla levande dyr som leiker eller dekorasjon er blitt kraftig kritisert, og ein blir sterk frårådd å kjøpa kyllingar om ein ikkje har ein plan for dei seinare.
Som med andre motiv er det vanleg å ha kyllingforma mat og godteri til påske. Mange stader kan ein laga ulike kaker forma som kyllingar. I tillegg til sjokoladeegg blir det også laga mange kyllingar og kaninar av sjokolade til påske. I USA og Canada er Peeps, fargerike marshmallowgodteri, utbreidde til å ha i påskekorger.
Ein kan også ha kylling som påskerett i staden for til dømes lam.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Påskekylling, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.