Oud

Oud (uttalt 'od') er ein korthalsa lutt som stammer frå Midt-Austen.

    For elva også kalla Oud, sjå Oust.

Instrumentet spreidde seg i Middelhavslanda og er ofte rekna som opphavet til den europeiske lutten. Han kan spelast som soloinstrument eller saman med song.

Oud
Oud
Klimpreinstrument
Andre namnArabisk lutt. På arabisk heiter instrumentet 'ud eller al 'ud og på persisk barbat
Klassifiseringluttinstrument med rund kropp og hals spelte med plekter
Hornbostel-Sachs klassifisering321.321-6
(Samansett kordofon spelt på med plekter)
Døme
Oud
Korleis spele oud med plekter.

Skildring

Ouden har fire eller fem strengekor. Fram til 800-talet hadde han fire enkle strengar, men deretter tok ein i bruk dobbeltstrengar, ofte også med ein bass-streng. Til forskjell frå lutt har han ingen strengebånd. Ein speler oud med eit fleksibelt plekter som er 10-15 cm langt.

Det finst tre hovudtypar av oud: Arabisk oud er den største, og finst i egyptiske, syriske og irakiske variantar. Tyrkisk oud er litt mindre, med noko kortare hals. Han er kjend som outi i Hellas, og finst også i Armenia. Persisk oud, kjend som barbat, er endå litt mindre, og har ofte strengeband. Ein bruker også oud i aserbajdsjansk musikk.

Speling

Arabisk oud er tradisjonelt stemt i G - A - D - G - C med ein ekstra bass-streng i C eller E. Tyrkisk stemming er D - A - E - H - A - E. Det blir også brukt mange variantar utover desse grunnstemmingane. Fleirtona element blir danna gjennom at ein veskler raskt mellom høge og djupe tonar.

Rabih Abou-Khalil, Anouar Brahem og Marcel Khalifé er nokre kjende oud-spelarar.

Påverknad på andre instrument

Ouden blei innført i Spania av maurarane, og danna dermed grunnlaget for utviklinga av den europeiske lutten. Han hadde også mykje å seia for utviklinga av gitaren.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Oud  Commons har multimedium som gjeld: Oud

Tags:

Oud SkildringOud SpelingOud Påverknad på andre instrumentOud KjelderOud BakgrunnsstoffOudLuttMiddelhavslandMidt-AustenSoloSong

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SkjoldbruskkjertelenCharcot CoveLokeTaekwondoYggdrasilDen sørlege vasslangenDisney Channel SkandinaviaSverigeTorremolinosJordaKinas kommunistpartiDei fem K-ane i sikhismenMotreformasjonEtnos og demosHilde LyrånLufttrykkSikhismenPlaneten MarsInternettMorfofonologiAnagramVan der VeenstraumenKvintakkordVerdas landStore norske leksikonEddie MurphySeladonRussenorskRadioantenneAusterrikeRussisk matWikifrasar21. desemberFlåklypa Grand PrixEnrico Caruso16. maiBodø kommuneAfghanistanKirunaScrabbleDurgaRekreasjonRoger KjendalenFA-cupfinalen i fotball 2001LaurdagArbeidarpartietForelskingGeorg Wilhelm Friedrich HegelNykøbing MorsAftonbladetWiki CommonsIvan KramskojForvandlingaUkrainaTuonelaLeksikonSlaveTeenage Mutant Ninja TurtlesHøgaste fjell i EuropaNikita KhrusjtsjovAlderspensjonIngvild KjerkolPeter Wessel TordenskjoldStoffskifteGoogleCharlie WattsTEMPESTIsbreKulturindustrienAlmRusslandMariann Vestbøstad MarthinsenDet norske flaggetBelgiaLiverpool FC🡆 More